Driftsteknikar ved Molde videregåande skole

-fagbrev i byggdrift, elektro, VVS, bygningsfag eller anna relevant fagutdanning -relevant praksis innan drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg -forståing og grunnleggande kunnskap om inneklima i bygningar -brei og god teknisk interesse, kompetanse og forståing -har kunnskap og forståing for systematisk dokumentasjon av eigedomsdrift -god kunnskap om bruk av IKT som arbeidsverktøy -erfaring med SD-anlegg og byggautomasjon -førarkort klasse B
Utlyst 03.10.22
Søknadsfrist 17.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Bygg- og eigedomstenester
Søknader: 0

Bruingeniør forvaltning

Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal består av om lag 1000 bruer og berande konstruksjonar i ulike material som skal forvaltast, haldast ved like og fornyast for å oppretthalde transport og kommunikasjon i fylket. Det er forventa ei samla investering på over 3 mrd. kroner innan bruer og ferjekaier dei neste fire åra. Vi bemannar no opp for å styrke prosjekteringskompetansen i eigen organisasjon, samt for å betre kunne følge opp nye og eksisterande konstruksjonar på vegnettet. Vi søker etter bruingeniør forvaltning i teamet for forvaltning og prosjektering av konstruksjonar i fylkesvegavdelinga: Teamet har ansvar for forvaltning av alle berande konstruksjonar tilknytta fylkesvegnettet i Møre og Romsdal: bruer, ferjekaier, rasoverbygg osv. I samsvar med handbok N401 Bruforvaltning fylkesveg gjennomfører vi mellom anna inspeksjonar og følger opp desse, vurderer behov for vedlikehald og fornying, sørger for at sikkerheit og funksjonalitet blir tatt i vare og sørger for bruklassifisering. Vi er tre personar i teamet som jobbar med bruforvaltning per i dag. Teamet sit også med prosjekteringskompetanse og jobbar tett med plan- og byggherremiljøet i fylkesvegavdelinga. Vi er per no tre personar som sit med prosjekteringsoppgåver av bruer og ferjekaier og er i ferd med å tilsette ein person til.
Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 18.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Samferdselsområdet
Søknader: 0

Prosjekteringsingeniør konstruksjon

Vi søker etter prosjekteringsingeniør konstruksjon Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal består av om lag 1000 bruer berande konstruksjonar i ulike material som skal forvaltast, haldast ved like og fornyast for å oppretthalde transport og kommunikasjon i fylket. Det er forventa ei samla investering på over 3 mrd. kroner innan bruer og ferjekaier dei neste fire åra. Vi bemannar no opp for å styrke prosjekteringskompetansen i eigen organisasjon, samt for å betre kunne følge opp nye og eksisterande konstruksjonar på vegnettet. Vi søker etter prosjekteringsingeniør i teamet for forvaltning og prosjektering av konstruksjonar i fylkesvegavdelinga: Teamet består i dag av totalt sju personar og vi vil no styrke teamet med ein ekstra medarbeidar. Teamet sit mellom anna med prosjekteringskompetanse og jobbar tett med plan- og byggherremiljøet i fylkesvegavdelinga. Vi er per no tre personar som jobbar med prosjekteringsoppgåver av bru og ferjekaier og har behov for å styrke dette miljøet. Teamet har også ansvar for forvaltning av alle berande konstruksjonar tilknytta fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. Vi er tre personar i teamet som jobbar med bruforvaltning per i dag.
Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 18.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Samferdselsområdet
Søknader: 0

Saksbehandlar arealsaker

Seksjonen plan og trafikk har hovudansvaret for planlegging og forvaltning av fylkesvegnettet. Vi har leding ei fast stilling innan arealsakshandsaming på plan og trafikkseksjonen ved fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 18.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Samferdselsområdet
Søknader: 1

Prosjektleiarar systemutvikling

Du vil bygge gode og miljøvennlege mobilitets- og kollektivtilbod i fylket gjennom å styre systemutviklingsprosjekt. Du får godt regulert arbeidstid hos ein profesjonell arbeidsgivar, og vi bygger din kompetanse og erfaring i eit team med andre prosjektleiarar. Vi er FRAMoverlente (!) og beslutningsdyktige fordi mykje skjer innanfor mobilitet og teknologi.
Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 18.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Samferdselsområdet
Søknader: 0

Ansvarleg økonomi ferje FRAM (rådgivar)

ein fagleg sterk og samarbeidsorientert person til stillinga som ansvarleg for økonomi ferje i maritimt team i FRAM. Ved kollektivavdelinga FRAM er det ledig ei fast stilling som ansvarleg for økonomi innan ferjedrift (rådgivar). Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM har ansvaret for 20 fylkesvegferjesamband og tre hurtigbåtsamband. Kontraktsporteføljen innan maritim drift består av sju kontraktar med til saman fire operatørar. I 2023 vil FRAM kjøpe ferjetenester for om lag 1,1 mrd. kroner og hurtigbåttenester for om lag 160 mill. kroner. I 2023 budsjetterast det med om lag 300 millionar kroner i inntekter frå båt- ferjedrifta. Stillinga ligg i maritimt team i driftsseksjonen i Kollektivavdelinga FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi søker etter ein fagleg sterk person med gode samarbeidsevner, som skal ha oversikt over økonomi knytt til ferjeforvaltninga i FRAM. Oppfølging av økonomiarbeid opp mot leiinga i FRAM og sentral økonomistab i fylkeskommunen vil vere sentrale oppgåver. Vedkomande vil også vere ressurs inn mot utgreiingar, anbodsprosessar og skal ha tett samhandling med kontraktsansvarlege på teamet.
Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 18.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Samferdselsområdet
Søknader: 0

Rådgivar stab samferdsel

ein strukturert rådgivar til styringsstaben, med sterk fagleg integritet. Du vil få ansvar for oppgåver innanfor tenesteområde samferdsel sin overordna koordinering knytt til politiske saker, styringsdialog og virksomhetsplanlegging. Du skal rapportere direkte til samferdselsdirektør og ass samferdselsdirektør, og opptrer på vegne av dei same i bestillingar m.m. til fagavdelingane. På samferdselsområdet har vi eit dynamisk og spanande miljø i rask utvikling. Som rådgivar vil du arbeide i styringsstaben til samferdselsdirektøren, som mellom anna har ansvar for strategisk styring og -leiarstøtte innafor samferdselsområdet i fylkeskommunen.
Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 18.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Samferdselsområdet
Søknader: 0

Tunnelforvaltar og brannvernleiar

Fylkesvegnettet består av ca 3000 km veg, 61 tunnelar, ca 1000 bruer samt diverse vegutstyr - Møre og Romsdal er eit tunnelfylke, med 61 tunnelar på fylkesveg. Tunnelane variere i lengde, trafikkmengder og teknisk utstyr. 34 av tunnelane er over 500 meter lange og er definert som særskilte brannobjekt etter brann- og eksplosjonsvernloven. Vi må derfor ha ein brannvernleiar som ivaretar brannvernet for disse tunnelane, bl.a. gjennom å sørge for hyppige tilsyn og øvingar. - Tunnelsikkerheit har dei siste åra fått økt merksemd, og temaet er godt regulert gjennom nasjonalt og internasjonalt regelverk. Vegeigar skal ha god kontroll på tilstanden i tunnelane, og vår tunnelforvaltar må bl.a. sikre at inspeksjonar og vedlikehaldstiltak planleggast og gjennomførast på ein god måte. For utfyllande informasjon om korleis sikkerheitsforvaltning i vegtunnelar skjer, samt konkretisering av arbeidsoppgåver for tunnelforvaltar og brannvernleiar, vise vi til Handbok R511 Sikkerhetsforvaltning av vegtunneler. Den finner du på https://www.vegvesen.no/globalassets/fag/handboker/r511.pdf
Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 18.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Samferdselsområdet
Søknader: 0

Hustadvika vgs - 50% fast stilling som norsklærer

Utlyst 30.09.22
Søknadsfrist 14.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Fast
Lokasjon Hustadvika vidaregåande skole
Søknader: 1

Kristiansund vgs - Lærer i salg, service og reiseliv

Lærer til programfag i salg, service og reiseliv. Det er ledig ca 80% fast stilling fra 02.01.2023
Utlyst 28.09.22
Søknadsfrist 12.10.22
Selskap Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstype Underv. fast
Lokasjon Kristiansund videregående skole
Søknader: 4