Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Gjermundnes vgs - lærling hestefag

Beskrivelse

Vi søker etter lærling i hestefag

Gjermundnes vidaregåande skule har ledig stilling som lærling i hestefag frå 2. januar 2024.

Om stillinga

Som lærling hos oss får du delta i eit aktivt og godt miljø med fleire oppstallørar på stallen. Opplæring og arbeidstrening vil bli gitt etter læreplan og stallansvarleg vil være fagansvarleg. Er du motivert vil du her kunne skaffe deg eit godtg grunnlag til fagprøva.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- dagleg stallarbeid som mellom anna betyr å delta på fôring, møkking, inn- og utslepp
-assistere stallansvarleg med planlegging, kvalitetssikring og forbetring av stallrutiner
-delta på stallmøter som ei viktig brikke i teamet
-handtere elev- og skulehestar
-assistere lærarar og elevar ved behov i skuletida
-vedlikehaldsarbeid av luftegardar, stall og treningsarena
-trening av skulehestar etter opplæring

Vi søker deg som

-er over 18 år
-er sterkt motivert for hestefaget og open for å lære meir
-gjerne har erfaring med stallarbeid og likar jobben
-beherskar norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
-kan jobbe sjølvstendig men også i lag med andre

Det er ønskeleg at du har førarkort klasse B og/eller T. Personlege eigenskapar som pålitelegheit, lojalitet, samarbeidsevner og ærlighet høgt vektlagt. Det er viktig at ein lærling hos oss trivest i eit sosialt miljø og kan samarbeide med ulike menneske. Arbeidskvardagen vil ofte være i samband med undervisning i stallen, men det kan også bli turar til andre stallmiljø. Som lærling på Stall Gjermundnes skal ein vere eit godt forbilde for elevane og vere med og bidra til eit godt miljø.

Vi tilbyr

- spennande utfordringar
- gode fasilitetar i eit inkluderande og sosialt miljø
- praktisk og teoretisk opplæring av ulike faglærarar
- hovudsakleg dagarbeid til faste tider, men det kan også bli helge- eller kveldsarbeid etter avtale
- moglegheit for rimeleg stallplass til eigen hest
- moglegheit for riding etter nivå
- trygge rammer, profesjonalitet og eit sterkt fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter tariff

Du må kunne delta i undervisninga, både praktisk og teoretisk. Det er gode moglegheiter for læring og utvikling da vi har faglærarar med høg utdanning og fleire års erfaring i faget.

Om skulen

Gjermundnes vidaregående skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved
Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune. Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging. Skulen vår har dei siste åra hatt om
lag 130 elevar. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Stall Gjermundnes består av stall med 6 boksar, 6 utegangar, eit ridehus og utebane. Vi har plass til ca. 25 hestar.Det er moglegheit for oppstalling for elevar og lærling på stallen.

Du finn meir informasjon om oss på gjermundnes.vgs.no. eller du kan søke oss opp på Facebook og Instagram.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Søk
Søknadsfrist
01.06.24
Utlyst
13.11.23
Vår ref
6192
Merk søknad
Fakta
Lærling
Lærling
Kontakter
  • Aadne Runar Haarr
    Rektor
    aadne.runar.haarr@mrfylke.no
    91584305
    91584305