Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Tannhelsesekretær distriktstannklinikken Fiskå (fast 80-100%

Beskrivelse

Velkommen til den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal får du det urbane side om side med den villaste naturen. Du bur og jobbar midt i landet, mellom hav og fjell i nordvest, med små avstandar mellom by og natur, innland og utland.

Vi har ledig stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Fiskå, i Søre Sunnmøre kompetanseregion.

Fiskå er ein tettstad og administrasjonssenteret i Vanylven kommune. Kommunen har eit aktivt bygdemiljø og mangfaldig næringsliv. Her finn du opne kystlandskap, fjell og dalføre med uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.

Vi kan tilby deg

- varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper
- hygieneansvar og smittevernoppgåver
- administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt
- oppdaterte og fine tannklinikkar
- eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- lønn etter tariffavtale og trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- trivelege medarbeidarar og godt miljø

Vi søker deg som

- har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær (søkarar med erfaring frå tannhelsefagleg/helsefagleg arbeid kan også bli vurdert)
- har god kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
- blir motivert av å jobbe for og med menneske

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.

Når du har søkt på stillinga mottar du ei stadfesting på e-post. Ta kontakt viss du ikkje får e-post frå oss.

Politiattest

Den som blir tilsatt må levere politiattest

Om tannhelsetenesta

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag er å organisere førebyggande og helsefremmande tiltak, og gi eit regelmessig og gratis tannbehandlingstilbod til alle grupper pasientar som har rettar etter tannhelsetenestelova, samt tilbod til vaksne, betalande pasientar.

Fylkestannlegen er leiar av den offentlege tannhelsetenesta, som er organisert i 4 kompetanseregionar med 27 klinikkar og med ca. 200 tilsette.

Søk
Søknadsfrist
25.09.23
Utlyst
04.09.23
Vår ref
6130
Merk søknad
Fakta
Tannhelsesekretær
Fast
Kontakter
  • Hege Myklebust
    Overtannlege
    hege.myklebust@mrfylke.no
    90869869
    +4771284970