Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
- Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
- Kan du tenke deg utfordringa med å yrkesrette fellesfag?
- Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å skape gode læringsarenaer?
- Har du høge ambisjonar på vegne av elevane og skulen?
Då er du rett lærar for oss!
Har undervisningskompetanse i fleire av desse faga: engelsk, samfunnskunnskap, norsk, men gjerne også norsk som andrespråk.
Har gode samarbeidsevner og likar å lære i lag med andre.
Trivst saman med ungdom.
Er tålmodig og vennleg.
Har generell god IKT kompetanse.
Har evne til å danne gode relasjonar med elevane.
Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Borgund vgs. er ein yrkesfagskole med meir enn 1100 elevar og 7 ulike utdanningsprogram. Skolen ligg i Fremmerholen, og har 235 tilsette.
Sjå meir her: www.borgund.vgs.no
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Den som blir tilsett må levere politiattest.