Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Spesialist i oral kirurgi og oral medisin - Ålesund Kompetanseklinikk (fast 60-100%)

Beskrivelse

Vi har ledig stilling som spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved Ålesund kompetanseklinikk.

Ålesund kompetanseklinikk er ein av landets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar i sentrum av Ålesund (Kremmergården). Dette er den største tannklinikken i fylket med 13 000 pasienter og 40 tilsette, og fungerer som henvisningspraksis for dei andre offentlege tannklinikkane i Ålesundsregionen. Her tilbyr vi CadCam, 3D-rtg, digitale avtrykk, implantatprotetikk-, laser-, lystgass- og sedasjonsbehandling.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet vil hovudsakleg vere innan klinisk verksemd og omfattar avanserte kirurgiske inngrep hovedsakleg på klientell i den offentlege tannhelsetenesta. Noko administrativt arbeid knytt til tilvisingar og rettleiing/rådgiving/undervisning kan påreknast.
Som oralkirurg vil du også delta i tverrfagleg spesialistgruppe ved Ålesund kompetanseklinikk for samhandling, fagutvikling og produksjon av vitenskapelig dokumentasjon.

Kvalifikasjonar

Søkar må vere tannlege med godkjend autorisasjon og spesialist i oral kirurgi og oral medisin eller tilsvarande.
Søkar er forventa å ha brei klinisk erfaring. Erfaring innan dentoalveolær kirurgi og oral implantologi, oral medisin og traumebehandling er ønska. Det blir lagt vekt på vitskapeleg kompetanse og evne til formidling.

I tillegg må du:
- ha god kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- kunne jobbe effektivt og sjølvstendig
- ha god samarbeidsevne, vere serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønske å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
- bli motivert av å jobbe for og med menneske

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.

Når du har søkt på stillinga mottar du ei stadfesting på e-post. Ta kontakt viss du ikkje får e-post frå oss.

Politiattest

Den som blir tilsatt må levere politiattest

Om tannhelsetenesta

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag er å
organisere førebyggande og helsefremmande tiltak, og gi eit regelmessig og gratis tannbehandlingstilbod til alle
grupper pasientar som har rettar etter tannhelsetenestelova, samt tilbod til vaksne, betalande pasientar.

Fylkestannlegen er leiar av den offentlege tannhelsetenesta, som er organisert i 4 kompetanseregionar med 27
klinikkar og med ca. 200 tilsette.

Søk
Søknadsfrist
25.09.23
Utlyst
04.09.23
Vår ref
6126
Merk søknad
Fakta
Tannlege
Fast
Kontakter
  • Are Kristofer Hjeltnes
    Overtannlege, Ålesund kompetanseregion
    are.kristofer.hjeltnes@mrfylke.no
    92045001
    +4771284831