Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
I Møre og Romsdal får du det urbane side om side med den villaste naturen. Du bur og jobbar midt i landet, mellom hav og fjell i nordvest, med små avstandar mellom by og natur, innland og utland.
Vi har ledig vikariatstilling (1 år) som tannlege ved distriktstannklinikkene Elnesvågen og Eide, i Molde kompetanseregion. Avstanden mellom klinikkane er 20 km.
Hustadvika kommune byr på unike opplevingar knytt til friluftsliv, kystkultur og historie. Det er kort avstand og gode kollektivtilbod til shopping, kultur, uteliv og flyplassar i byane Molde og Kristiansund.(Les meir på: hustadvika.kommune.no/om-hustadvika/).
- ein god jobb der du kan utvikle deg
- varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar
- oppdaterte og fine tannklinikkar
- eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- god lønn den 12. kvar månad og trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- trivelege medarbeidarar og godt miljø
- etablerings- og stabiliseringstilskot
- har norsk autorisasjon som tannlege
- har god kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
- blir motivert av å jobbe for og med menneske
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.
Når du har søkt på stillinga mottar du ei stadfesting på e-post. Ta kontakt viss du ikkje får e-post frå oss.
Den som blir tilsatt må levere politiattest
Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag er å
organisere førebyggande og helsefremmande tiltak, og gi eit regelmessig og gratis tannbehandlingstilbod til alle
grupper pasientar som har rettar etter tannhelsetenestelova, samt tilbod til vaksne, betalande pasientar.
Fylkestannlegen er leiar av den offentlege tannhelsetenesta, som er organisert i 4 kompetanseregionar med 27
klinikkar og med ca. 200 tilsette.