Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Prosjektleiar utvikling av tilskots- og innkjøpsprosessar

Beskrivelse

Vil du bidra til digitaliseringa av fylkeskommunen?

Vi søker ein engasjert og dyktig prosjektleiar i toårig prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting.

Fylkeskommunen ønsker å levere betre tenester til innbyggarar, næringsliv og kommunar. Dette stiller krav til digitalisering i alle delar av organisasjonen. Kompetanse- og næringsavdelinga skal utvikle og fornye prosessar knytt til tilskotsforvaltning og innkjøp. Økonomi er ein vesentleg del av begge desse områda, og vi ser derfor etter ein person som har kompetanse på både digitalisering og økonomi.

Du får jobbe med

- å koordinere, effektivisere, forenkle og fornye avdelinga si tilskotsportefølje, blant anna fag- og systemutvikling
- tenesteutvikling og digitale endringsprosessar i tverrfaglege team
- konkurransegjennomføring og avtaleoppfølging knytt til kjøp av varer og tenester
- å legge til rette for møteplassar og arena for samhandling og samskaping der avdelinga sin totale verkemiddelbruk og innkjøpsprosessar blir nytta på best mogleg måte

Tilskotsordningar: Avdelinga forvaltar om lag 195 mill. kroner årleg i ulike tilskotsordningar som går til bedrifter, utviklingsselskap, FoU-institusjonar, kommunar, vidaregåande skolar, opplæringskontor og andre. Prosjektleiaren skal koordinere, utvikle og fornye system og saksbehandlingsprosessar både på kompetanseområdet og på næringsområdet. I praksis betyr det å automatisere, modernisere og forenkle søknads- og saksbehandlingsprosessane.

Innkjøp: Kompetanse- og næringsområdet kjøper inn varer og tenester for om lag 175 mill. kroner årleg. Denne delen av stillinga vil omfatte å utvikle, kvalitetssikre, forankre og koordinere innkjøpsprosessane for kompetanse- og næringsområdet. Dette inneber konkurransegjennomføring og avtaleoppfølging knytt til varer og tenester. I 2022 vil avdelinga arbeide aktivt med å utvikle system for oppfølging av rammeavtalar i våre vidaregåande skular, samt gjennomføre halvårlege møter med anskaffingsansvarlege og leiarar ved våre vidaregåande skular.

Vi søker deg som har

- relevant høgare utdanning
- god innsikt i digitale arbeidsprosessar og datakunnskap (gjerne programmering)
- kunnskap om og erfaring i prosjekt- og prosessleiing
- evne til å forenkle, motivere og skape felles oppslutning om fylkeskommunen sine verktøy
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- evne til å arbeide målretta og sjølvstendig og bidrar til utvikling og framdrift
- gode samarbeidsevner og er ein positiv bidragsytar

Vi tilbyr

- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Kompetanse- og næringsavdelinga har ansvaret for vidaregåande opplæring og Fagskolen i Møre og Romsdal, og
arbeider for berekraftig vekst og nyskaping i næringsliv og kommunar. Det er om lag 80 tilsette på avdelinga. Stillinga er
lagt til stab, for tida med arbeidsstad i Molde.

Du kan lese meir om kompetanse- og næringsområdet på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune, mrfylke.no

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
13.12.21
Utlyst
22.11.21
Vår ref
5158
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Engasjement
Kontakter
  • Monica Kjøl Tornes
    assisterande kompetanse- og næringsdirektør
    monica.kjol.tornes@mrfylke.no
    971 95 375
    +4771280291