Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Tilkallingsvikar lærar og undervisningsassistent - naturbruk

Beskrivelse

Vi søker etter

tilkallingsvikarar på Naturbruk. Vi har vikaroppdrag som kan variere med varigheit frå ein dag til fleire veker. Kanskje passar det deg best å ta enkeltdagar, eller at du ønsker større vikaroppdrag? Skriv litt om dette i søknaden din.

Vi treng vikarar som kan undervise eller vere assistent i praktiske og teoretiske fag, og det er ønskeleg at du kan starte så snart som mogleg.

Arbeidstid er kl. 07.45 - 14.35 måndag - fredag.

Vi søker deg som

kan undervise/vere assistent for elevane i i praktiske fag som t.d. husdyr, teknikk, plantekunnskap eller skogbruk. For undervisning er det ønskeleg at du har bakgrunn som yrkesfaglærar. God praksiskunnskap kan erstatte dette.

Vi set også personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen.
Du må ha gode norskkunnskaper, både skriftleg og muntleg.

Vi tilbyr

- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter tariff

Om skulen

Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet. Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.

Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.
Skulen har eige gardsbruk med allsidig husdyrproduksjon, gartneri, skogbruk og eigen stall for hest.

Du finn ein meir utfyllande beskrivelse av skulen på nettsida vår, gjermundnes.vgs.no, og du kan søke oss opp på Facebook og Instagram.

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Politiattest

Vi vernar om skulen sine elevar og den som skal vere vikar hos oss må kunne legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden.

Søk
Søknadsfrist
31.01.22
Utlyst
15.11.21
Vår ref
5147
Merk søknad
Fakta
Lærer
Timelønn underv.
Kontakter
  • Hilde Legernes
    avd.leiar naturbruk
    hilde.legernes@mrfylke.no
    96830974
  • Aadne Runar Haarr
    rektor
    aadne.runar.haarr@mrfylke.no
    91584305