Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Tilkallingsvikar kantine

Beskrivelse

Vi har vikaroppdrag som kan variere med varigheit frå ein dag til fleire veker.

Kanskje passar det deg best å ta enkeltdagar, eller at du ønsker større vikaroppdrag? Skriv litt om dette i søknaden din.

Som kantinemedarbeider er du med i den daglege drifta av kantina og er ein nøkkelperson for å skape gode kundeopplevelsar. Dine arbeidsoppgåver vil være å tilberede og servere varm- og kaldmat og tidvis betjene kassa.
Du vil også ha oppgåver på oppvasken og skal sjå til at kantina til einkvar tid er presentabel.

Vi tenkjer det er ei styrke om du har erfaring frå kafè, restaurant eller kantine og noko kunnskap om IK-Mat. Like viktig er din motivasjon og engasjement for å jobbe på eit kjøkken og tilberede sunn og god mat.
Du er ein stødig kollega som støttar og hjelper til der det trengs. Du har som oftast godt humør, er positiv og omgjengeleg. For å lykkast på kjøkkenet er det viktig at du kan kommunisere godt på norsk.

Arbeidstid er kl. 07.30-15.30 og følger skuleåret.

Du får jobbe med:

-tilbereding av mat, både varm og kald
-oppvask/reinhald
-kassearbeid
-kundebehandling
-anna forefallande arbeid

Vi søker deg som har:

-erfaring frå kjøkken/kantine
-kjennskap til IK-Mat og hygienekrav
-gode norskkunnskaper, både skriftleg og muntleg
-høg grad av serviceinnstilling og positivitet
-gjerne fagbrev

Om arbeidsplassen

Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet. Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.

Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.
Skulen har eige gardsbruk med allsidig husdyrproduksjon, gartneri, skogbruk og eigen stall for hest.

Du finn ein meir utfyllande beskrivelse av skulen på nettsida vår, gjermundnes.vgs.no, og du kan søke oss opp på Facebook og Instagram.

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Vi tilbyr

-ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
-god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
-offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- lønn etter tariff

Politiattest

Vi vernar om skulen sine elevar og den som skal vere vikar hos oss må kunne legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden.

Søk
Søknadsfrist
31.01.22
Utlyst
15.11.21
Vår ref
5135
Merk søknad
Fakta
Fagarbeider
Timelønn kommunal
Kontakter
  • Aadne Runar Haarr
    rektor
    aadne.runar.haarr@mrfylke.no
    91584305
  • Camilla Kjellbotn
    kokk
    camilla.kjellbotn@mrfylke.no
    99335147