Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Prosjektstilling for stipendiat i større forskingsprosjekt

Beskrivelse

Prosjektstilling for stipendiat - digitale verktøy og formidling av kulturarv.


Vi søker ein kandidat til forprosjekt for stipendiatstilling.
Vi ser etter deg som
- vil bidra til å utvikle nye metodar for formidling av kulturarv ved hjelp av digitale verktøy, og skape nye former for kulturopplevingar
- er nysgjerrig på korleis ny teknologi og digitalisering kan bidra til å vidareutvikle kulturfaga
- evnar å arbeide praktisk og analytisk

Forprosjektet varer i inntil 100 % i tre månadar og kan føre til stilling som stipendiat i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontorstad blir i Kristiansund, som ein del av eit forskings- og utviklingsmiljø innan kultur- og teknologifag som vi no bygger opp ved Campus Kristiansund.

Du får jobbe med: forskings- og utviklingsarbeid i Ein bit av historia


Målet i forprosjektet er å realisere eit doktorgradsprosjekt som del av Ein bit av historia, eit større forsking- og utviklingsarbeid om digital formidling av kulturarv.
- Det har som hovudmål å utarbeide 3D-modellar basert på kunnskapsgrunnlag frå forsking. Med desse modellane skal vi gjenskape tre nøkkelstader langs Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal digitalt: Edøy, Veøy og Borgund, som alle tre var viktige for framveksten av Noreg som nasjon.
- Med utgangspunkt i desse skal vi utvikle og teste nye formidlingsformer til målgrupper innan kulturell og kreativ næring, reiseliv, utdanning og museum.

I denne forbindelsen har vi har behov for meir kunnskap om digital transformasjon og formidling. Sentrale forskingsspørsmålet for doktorgradsprosjektet bør derfor vere:

1. Kva er dei beste og mest effektive metodane for å overføre domenekunnskap frå fagperson innan kulturarv til personar med teknologisk kompetanse? Eit eksempel på slik kunnskapsoverføring er den som går frå arkeolog til 3D grafikar og spelutviklar når ein skal lage digitale modellar og gjenskapingar.

2. Korleis kan vi på ulike måtar bruke digitale gjenskapingar som er basert på forsking- og kunnskap til verdiskaping, opplæring og formidling?
Stipendiaten si oppgåve skal ligge innanfor eit eller begge forskingsspørsmåla, og doktorgradsprosjektet skal ta utgangspunkt i funn, erfaringar og resultat frå Ein bit av historia.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Møreforsking, NTNU vitenskapsmuseet, SINTEF Digital, Høyskolen i Molde, Nordmøre museum, NIKU - norsk institutt for kulturminneforsking, Riksantikvaren og Kulturtanken og Tidvis Utvikling as.

I forprosjektet skal du


- Gi ei prosjektbeskriving av doktorgradsprosjektet ditt, i tillegg å beskrive organisering av prosjektet (mentor, prosjektleiar etc.), budsjett og finansieringsplan. Du kan lese meir om forskningsrådet si ordning "Offentlig sektor-phd" på denne lenka.
- Forankre prosjektet hos alle relevante samarbeidspartar
- Etablere samarbeid med relevante teknologi- og innovasjonsmiljø i Møre og Romsdal
- Gjennomføre kartlegging av aktuelle doktorgradsprogram
- Etablere samarbeid med, og opptak ved, aktuell gradsgivande institusjon
- I samarbeid med arbeidsgivar ferdigstille søknad om finansiering frå Forskningsrådets tilskotsordning "Offentlig sektor phd", evt. andre eksterne samarbeidspartar.

Forprosjektet vil lede til tilsetting i ein periode på tre år med rein forskarutdanning, eller fire år med forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt, under føresetnad av at 50 % av lønsmidlane til stipendiatstilling blir finansiert av Forskningsrådet (alternativt anna ekstern finansieringskjelde). Dette blir avklart i rekrutteringsprosessen.

Etter fullført Ph.D-grad er det moglegheit for vidare jobb i fylkeskommunen, og ei viss bindingstid må påreknast. Dette vil bli avklart med den enkelte kandidaten. Teamet som er ansvarleg for "Ein bit av historia" vil vere rettleiarar for deg også under forprosjektperioden.

Vi søker deg som har


- hovudfag, mastergrad eller tilsvarande, og oppfyller krava til opptak på relevant doktorgradsprogram
- erfaring med eller interesse for digitale fag, kunst og kulturfag eller innovasjons- og teknologistudiar
- er tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune, eller ønsker å jobbe i fylkeskommunen
- er motivert og har potensial for forsking innanfor fagfelt som er relevant for utlysinga
- vil bidra til å styrke kompetansemiljøet i og rundt Campus Kristiansund
- kan arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap, vere nytenkande og kreativ
- er strukturert, driv deg sjølv og andre framover og har stor arbeidskapasitet

Du kan sjølv velgje kva for av dei to forskingsspørsmåla i forskingsprosjektet du vil utforme ditt phd-prosjekt rundt. I søknaden må du grunngje kvifor nettopp fagbakgrunnen din er viktig for å finne svar på eit eller fleire av dei spørsmåla som forskingsprosjektet stiller. Du skal i tillegg utarbeide ei prosjektskildring på inntil 5 sider.

Om du er nær ved å levere eller nyleg har levert masteroppgåva di, kan du framleis søke, legg då ved eit utkast av oppgåva di.

Det krevst dokumentert engelskkunnskap, og du må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vi legg vekt på, at du er personlege eigna, at du har eit potensiale for forsking og motivasjon for stillinga.

Du må rekne med ein del reiseaktivitet gjennom forprosjektperioden.

Om arbeidsplassen


Stillinga som stipendiat er i eit samarbeid mellom kompetanse- og næringsavdelinga og kulturavdelinga. I kulturavdelinga er det ytterlegare to tilsette i stipendiatstillingar, og du vil bli ein del av dette forskarteamet.

Kontorstaden vil vere på Campus Kristiansund, som skal bli ein felles campus for utdanning, forsking og innovasjon. Her samlar vi kompetanse frå næringsliv, offentleg sektor, høg- og fagskule og forskingsinstitusjonar i eit tverrfagleg og nyskapande miljø. Delar av miljøet er alt etablert i midlertidige lokale i Kristiansund sentrum, fram til første byggetrinn står klart i 2024. Meir informasjon finn du på www.campusksu.no.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein viktig aktør i Campus Kristiansund, og byggjer no opp eit tverrfagleg kompetansemiljø med om lag 70 stillingar. Dette kompetansemiljøet er ein del av den samla fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal.

Stipendiatstillinga er ein "Offentleg sektor Ph.D", ei ordning der offentlege organisasjonar kan søke Forskningsrådet om støtte til at ein tilsett tek doktorgrad på ei problemstilling som er relevant for organisasjonen.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
14.12.21
Utlyst
01.11.21
Vår ref
5083
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Engasjement
Kontakter
  • Christine Reitan
    Ass. kulturdirektør
    christine.reitan@mrfylke.no
    90998268
    +4771280570
  • Elin Kanck Lorentzen
    Prosjektleder
    elin.kanck.lorentzen@mrfylke.no
    99027502
    +4771280328
  • Hilde Aspås
    Næringssjef
    hilde.aspaas@mrfylke.no
    97715135
    +4771280160