Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Rådgivar - samferdselsplanlegging

Beskrivelse

Samferdselsområdet

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for samferdselstenester innan kollektivtransport og fylkesveg. Samferdselssektoren har ansvar for at tenestene vi tilbyr bidreg til regional utvikling, og at tenestene våre er i tråd med vedtekne planar. Samferdselssektoren ønskjer å ta ei leiande rolle innan innovasjon og teknologisk utvikling.

Vi søker etter ein utviklingsorientert person og pådrivar, som gjennom planprosessar og samarbeid skal vere med på å forme samferdselstilbodet for innbyggarane i Møre og Romsdal.

Stillinga inngår i samferdselsdirektøren sin stab.

Du får jobbe med

Den viktigaste funksjonan som den nye rådgivaren skal fylle er innan samferdselsplanlegging. Dette inneber oppfølging av samferdsel i arbeidet med fylkesplan, samt ta initiativ til og bidra i plan- og strategiarbeidet på samferdselsområdet.

Samarbeid på tvers av fylkesgrenser og landegrenser kan også vere ein del av denne stillinga. Det same gjeld deltaking i arbeidsgruppene for bypakkar i Møre og Romsdal i tidlegfase, og bistand til utgreiing og analyse av problemstillingar undervegs i arbeidet i seinare fasar.

Staben er også pådrivar for utgreiingsarbeid og kunnskapsgrunnlag på samferdselområdet. Dette inneber at rådgivaren også bidrar innan oppgåvene utgreiing, analyse og statistikk. Prosess- og prosjektleiing og utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling vil også vere ein del av arbeidsområdet.

Vi søker deg som

Har relevant høgare utdanning, minimum bachelornivå
-Har erfaring frå planleggingsoppgåver
-Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og med god gjennomføringsevne
-Er vant til å ha ansvar for oppgåver/prosjekt med fleire interessentar og har svært gode samarbeidseigenskapar

Det blir elles vektlagt at søkaren:
-Er initiativrik og løysingsorientert
-Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
-Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Om strategistaben:
Vi har ansvaret for planprosessar internt på avdelinga, deltaking i planarbeid på tvers av avdelingane i fylkeskommunen og i samarbeid med eksterne ligg også til strategistaben sitt ansvarsområde. Seksjonen bidrar gjennom plan- og utviklingsarbeid til at samferdsel er en avgjerande del av samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Staben har også ein sentral rolle i utviklingsprosessar, både når det gjeld kollektivtilbodet og ruteutvikling, og mobilitets-, teknologi- og miljøløysingar.

Arbeidsstad vil fortrinnsvis vere Molde, men andre kontorstader kan også bli vurdert

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
29.10.21
Utlyst
08.10.21
Vår ref
5067
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Arild Fuglseth
    Samferdselsdirektør
    arild.fuglseth@mrfylke.no
    91530085
    +4771280267
  • Hilde Johanne Svendsen
    Seksjonsleiar
    hilde.johanne.svendsen@mrfylke.no
    91607588
    +4771280430