Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)

Beskrivelse

Opplysningar om stillinga

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig inntil 100% fast stilling som psykolog. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet. TOO-prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa.

Tenestestad vil vere i Kristiansund, ved St. Carolus kompetanseklinikk i Molde eller ved Ålesund kompetanseklinikk.

Meir informasjon om kompetanseregionane og tannklinikkane finn du på internett: https://mrfylke.no/tannhelse.

Vi søker deg som

- er psykologspesialist eller som har norsk autorisasjon som psykolog
- har interesse for arbeid med odontofobipasientar
- har god kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne
- som kan uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/ skandinavisk

Du får jobbe med

- diagnostisering og vurdering av pasientane før angstbehandling hos tverrfagleg TOO-team
- eksponeringsbehandling i tverrfagleg team
- utoverretta rettleiing og informasjonsarbeid
- rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling

Vi tilbyr

- ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- gunstige lånevilkår (gjennom KLP)
- tilsetting skjer elles på vanlege fylkeskommunale vilkår

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

Når du har søkt på stillinga mottar du ei stadfesting på e-post. Sjekk søppelposten din hvis du ikkje har fått den innan kort tid. Ta kontakt hvis du ikkje får e-post frå oss.

Politiattest

Den som blir tilsatt må levere politiattest

Søk
Søknadsfrist
31.10.21
Utlyst
29.09.21
Vår ref
5064
Merk søknad
Fakta
Psykolog
Fast
Kontakter
  • Trine Beathe Monsen
    tannlege
    trine.beathe.monsen@mrfylke.no
    936 49 606
    71 28 46 20
  • Tone Nord
    overtannlege
    tone.nord@mrfylke.no
    954 68 500
    71 28 46 00