Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Rådgivar vassforvalting Sunnmøre

Beskrivelse

Vi søker etter

deg som vil bidra til å betre miljø og økosystem i vassdrag og kystvatn på Sunnmøre. Er du i tillegg initiativrik og god til å bygge nettverk? Då vil vi gjerne ha deg med på laget vårt!

Stillinga skal koordinere arbeidet i vassområda på Sunnmøre, og bidra til at fastsette miljømål for vassførekomstane blir oppnådd i samsvar med regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion.

Du får jobbe med

· å planlegge og vere pådrivar for gjennomføring av miljøforbetrande tiltak
· å samarbeide med kommunar, statlege myndigheiter, frivillige organisasjonar, grunneigarar og publikum m.v., og bidra til heilskapleg, økosystembasert vassforvaltning
· administrasjon og fagleg leiing av arbeidet i vassområdeutvala
· rettleiing av kommunar, organisasjonar og andre aktørar for auka kunnskap om vassforvaltningsarbeidet
· å skape lokal medverknad, oppslutning og engasjement for gjennomføring av vassforvaltningsplanen
· å ta initiativ til, utvikle og delta i prosjekt som er med på å betre miljøforholda i vatn
· å bidra inn i fylkeskommunen sitt tverrfaglege arbeid med miljø, plan og utvikling

Vi søker deg som har

· relevant naturfagleg utdanning på masternivå
· erfaring frå fagområdet og god kjennskap til offentleg forvaltning
· erfaring frå prosess- og prosjektarbeid
· gode kommunikasjonsevner

Vi vil også legge vekt på at du

· er engasjert og god til å bygge relasjonar og nettverk
· har evne til strategisk tenking og planlegging
· er løysingsorientert og god på å drive prosessar framover
· tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
· er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere, og som tenkjer heilskapleg på tvers av fagområde
· er komfortabel med å stå framfor ei forsamling

Vi tilbyr

· ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
· god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
· offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
· løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Kompetanse- og næringsavdelinga arbeider for nyskaping, omstilling og berekraftig vekst i næringsliv og kommunar, og har ansvaret for vidaregåande opplæring og Fagskolen i Møre og Romsdal. Det er om lag 75 tilsette på avdelinga. Stillinga er lagt til seksjon for marin og miljø med ansvar for vassforvaltning, akvakultur- og naturforvaltning, og vi arbeider for å legge til rette for heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning av naturressursane.

Kontorstad blir ved fylkeskommunen sin desentraliserte arbeidsstad i Ålesund, med jamleg tilstadeværelse på fylkeshuset i Molde.

Du kan lese meir om kompetanse- og næringsområdet på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune, mrfylke.no

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Stillinga er ei 100% fast stilling.

Søk
Søknadsfrist
30.09.21
Utlyst
10.09.21
Vår ref
5043
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Birgit Aarønæs
    seksjonsleiar
    birgit.aaronas@mrfylke.no
    91886088
    +4771280353