Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Prosjektleiar i FRAM

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle kollektivtrafikken i Møre og Romsdal til det beste for våre innbyggjarar?

Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med offentleg sektor, innbyggarar, næringsliv og organisasjonar for å møte framtidas behov med berekraftige løysingar. Saman skal vi utvikle Møre og Romsdal til å bli eit attraktivt lågutsleppssamfunn med gode levevilkår i tråd med fylkesplanen og FNs berekraftsmål.

Samferdselsområdet består av fylkesvegavdelinga og kollektivavdelinga FRAM. FRAM ønsker å bidra til mobilitetsløysingar for folk, varer og tenester som er berekraftige, effektive, trafikksikre og samfunnsøkonomisk lønnsame. Til dette arbeidet søker FRAM ein kompetent, engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar som får ansvar for innovasjons- og utviklingsprosjekt på mobilitetsområdet. Prosjektleiaren skal medverke til tverrfagleg og verdiskapande samarbeid både internt i eigen organisasjon og eksternt i lag med samarbeidspartar, transportørar, andre fylkeskommunar, kommunar og andre relevante aktørar.

Du får jobbe med å

- leie prosjekt knytt til innovasjon og vidareutvikling i FRAM
- identifisere prosjekt ut frå økonomi, samfunnsnytte og miljø
- følge opp samarbeidspartnarar

Frå oppstarten vil du særleg få ansvar for eit mobilitetsprosjekt i Kristiansund som inngår som ein del av fylkeskommunen sitt program for by- og tettstadsutvikling. Du vil inngå i eit tverrfagleg miljø ved Campus Kristiansund der alle fylkeskommunen sine fagområder er representert.

Vi søker deg som

- har relevant høgare utdanning frå universitets- eller høgskole
- Har dokumentert erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- har god digital forståing/innsikt
- samarbeider godt i tverrfaglege miljø

Kunnskap om samferdselsområdet, og erfaring med tenesteutvikling og innovasjonsmetodikk er ønskjeleg.

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune er i ferd med å etablere eit kompetansemiljø for mobilitetsutvikling i Kristiansund der denne prosjektleiaren vil ha ei sentral rolle. Det skal dei kommande åra bli starta opp fleire prosjekt som legg til rette for berekraftige reisevanar både i byane og distrikta.

Stillinga er organisert direkte under seksjonsleiar for marknadsavdelinga i FRAM.
Kontorstad: Campus Kristiansund

For meir informasjon, sjå: https://mrfylke.no/om-oss/prosjekta-vaare/campus-kristiansund/vil-du-bli-ein-del-av-campus-kristiansund

FRAM er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. FRAM har inntekt og marknadsansvaret for om lag 20
million kollektivreiser kvart år med ei samla årleg omsetning på om lag 725 millionar kroner. Totalt arbeider 39 tilsette
på samferdselsområdet med drift og utvikling av kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. FRAM vil være representert med
20 tilsette i Campus Kristiansund frå og med hausten 2020.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
22.09.21
Utlyst
01.09.21
Vår ref
5034
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Stig Helle-Tautra
    Avdelingssjef FRAM
    stig.helle-tautra@mrfylke.no
    93404626
    +4771280253
  • Toril Karlsnes
    Seksjonsleiar FRAM marknad
    toril.karlsnes@mrfylke.no
    45608330
    +4745608330