Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Vi er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Seksjonsleiar i Seksjon for arkiv, bibliotek og museum

Beskrivelse

Vil du bli med oss og ta arkiv-, bibliotek- og museumssektoren i regionen inn i framtida? Utvikle tenestene dei leverer og rolla dei har i samfunnsutviklinga? Kan du sjå samanhengar mellom dei tre fagfelta og har du gode idear om korleis dei kan styrke kvarandre?

Vi søker ein seksjonsleiar til seksjon for arkiv, bibliotek og museum, i kulturavdelinga. Kontorplass er i Ålesund.

Seksjonen har desse hovudoppgåvene:
- Bibliotekrådgjeving, inkl. biblioteka i vidaregåande skole
- Regionale bibliotekoppgåver - fellesløysingar
- Arkiv-, bibliotek- og museumsutvikling, inkludert forvaltning av tilskot
- Språk og litteraturformidling,inkludert forvaltning av tilskot

Du får jobbe med

Du vil få fag-, resultat- og personalansvar i seksjonen. Som seksjonsleiar vil du bli ein del av leiargruppa i kulturavdelinga og rapportere til kulturdirektøren.

Du vil få eit særleg ansvar for:
- strategisk planlegging og utvikling av fagområda som ligg til seksjonen
- mobilisere til samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag og sektorar
- vere pådrivar for prosjekt og utvikling av seksjonen sine fagområde og fagnettverk
- legge til rette for innovasjon, nye arbeidsformer og tenesteutvikling innan ansvarsområda til seksjonen
- organisasjons- og kompetanseutvikling

Til denne jobben søkjer vi deg som har

- Relevant utdanning på masternivå med bibliotekfag i fagkretsen (bachelornivå og realkompetanse kan kompensere for krav om master)
- Erfaring frå biblioteksektoren er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Leiarerfaring med dokumenterte resultat
- Kunnskap om offentleg forvaltning
- kunnskap om prosessleiing, prosessar for involverings- og medverknad
- erfaring med økonomi- og personaloppfølging og organisasjonsutvikling

Det er ønskeleg med erfaring frå saksbehandling til folkevalde organ.

I tillegg forventar vi at du:
- ser samanhengar, er strategisk, strukturert og har stor arbeidskapasitet
- er handlekraftig og har gjennomføringsevne
- kan ta tydelege avgjerder og mobilisere medarbeidarane til innsats
- er god på relasjonar, nettverk og bygge tillit
- har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- har god digital kompetanse

Hos oss får du

- ei utfordrande leiarstilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i samsvar med gjeldande lover, avtalar og reglement.

Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune er inne i ei spennande tid. Gjennom regionreforma har fylkeskommunen fått nye oppgåver og utvida ansvar. Rolla som samfunnsutviklar er styrka, og heilskapleg tenking og samhandling på tvers av sektorar står sentralt. FN sine berekraftsmål ligg til grunn for utvikling av fylket.

Vi arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag og sektorar.

Kulturavdelinga legg til rette for og er pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Fagområda er mellom anna kulturminneforvalting, kunst- og kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk aktivitet, i tillegg til rammevilkår for frivillig sektor og kulturelle og kreative næringar. Avdelinga har 42,5 årsverk og eit bruttobudsjett på 300 millionar kroner.

Kulturområdet har arbeidslokale både i Ålesund, Molde og Kristiansund og Seksjon for arkiv, bibliotek og museum held til i Ålesund. Det kan bli noko reising i jobben.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
22.09.21
Utlyst
25.08.21
Vår ref
5027
Merk søknad
Fakta
Leder
Fast
Kontakter
  • Inger Lise Aarseth
    konstituert seksjonsleiar
    inger.lise.aarseth@mrfylke.no
    97113962
    +4771280504
  • Heidi-Iren Wedlog Olsen
    Kulturdirektør
    heidi-iren.wedlog.olsen@mrfylke.no
    48281547
    +4771280338