Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Overtannlege i Kristiansund kompetanseregion

Beskrivelse

Opplysningar om stillinga /Opplysninger om stillingen

Det er ledig ei fast, 100% stilling som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion - ei sentral leiarstilling innanfor eit interessant fagfelt i utvikling.

Kristiansund kompetanseregion har 7 distriktstannklinikkar med omlag 35 tilsette.

Stillinga rapporterer til fylkestannlegen og inngår i leiargruppa i tannhelsetenesta. Overtannlegen er fagleg og administrativ leiar av kompetanseregionen, som omfattar kommunane Aure, Averøy, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Ansvars- og arbeidsområdet omfattar i tillegg:
- koordinering av drifta på distriktstannklinikkane i kompetanseregionen
- fagleg rettleiing
- personalleiing
- kompetanseplanlegging

Stillinga er kombinert med klinisk verksemd.

Arbeidsstad vil vere ved ein av distriktstannklinikkane i kompetanseregionen.

Vi tilbyr

- utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og hektisk miljø med høg fagleg kompetanse
- introduksjonsprogram
- offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- gunstige lånevilkår (gjennom KLP)
- lønn etter avtale

Vi ønsker ein tydeleg og utviklingsorientert overtannlege

- som har norsk autorisasjon som tannlege
- som har brei klinisk erfaring og kunnskap om behandlingsprinsipp og førebygging
- som skal vere ein teambyggar med gode relasjonelle og kommunikative evner
- med problemløysande eigenskapar
- med god samarbeidsevne og høg produktivitet
- som kan uttrykke seg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/ skandinavisk

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

Når du har søkt på stillinga mottar du ei stadfesting på e-post. Sjekk søppelposten din hvis du ikkje får den innan kort tid. Ta kontakt hvis du ikkje får e-post frå oss.

Politiattest

Den som blir tilsatt må levere politiattest

Søk
Søknadsfrist
16.08.21
Utlyst
17.06.21
Vår ref
4982
Merk søknad
Fakta
Leder/Virksomhetsleder m/særalder
Fast
Kontakter
  • Anthony Valen
    fylkestannlege/ tannhelsedirektør
    anthony.valen@mrfylke.no
    902 55 922
    71 28 02 01
  • Morten Larsen
    administrasjonsleiar
    morten.larsen@mrfylke.no
    950 78 152
    71 28 02 03