Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Vegplanleggar- Bypakke Ålesund

Beskrivelse

Vi søker etter vegplanleggar til bypakke Ålesund

Bypakken er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen, der det skal byggjast vegprosjekt for om lag 4 mrd kr dei komande åra. Bypakken skal sørge for god framkomelegheit for alle trafikantgrupper, med hovudvekt på kollektivtransport, sykkel, gange og næringstransport. Vi er i gang med oppbemanning av prosjektorganisasjonen og søker no etter vegplanleggar for dei fylkeskommunale prosjekta i bypakken. Du vil inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande.

Du får jobbe med

Vegplanlegging på prosjekt bypakke Ålesund, der du får eit stort ansvar og vil bidra med arbeid på fleire plannivå. Hovudsakleg med byggeplanar, men også noko reguleringsarbeid. Vi har eit mangfald av ulike prosjekt både når det gjeld kompleksitet og omfang, samt at vi har ein eigen seksjon som har eit særskilt fagmiljø innafor fagområdet. Det er naturleg at stillinga samarbeider tett med denne seksjonen.

" Planlegge og prosjektere veganlegg med bruk av 3D-modellering/BIM (NovaPoint m.m.), bidrag til tverrfagleg modell
" Bidra som fagressurs i tverrfaglege prosjektgrupper ved utarbeiding av reguleringsplanar og byggeplanar/konkurransegrunnlag
" Arbeidet kan også omfatte utarbeiding av planar for dren/VA, skilt og oppmerking m.m.
" Vegfagleg rådgiving, kvalitetssikring
" Koordineringsansvar ovanfor andre fagområde, for eksempel betong og elektro
" Oppfølging i anleggsfasen

Vi søker deg som har

" Minimum 3 års relevant utdanning frå universitet eller høgskole fortrinnsvis innan veg-/transportplanlegging, bygg og anlegg eller tilsvarande. For kandidatar med sterk allsidig praksis frå aktuelle fagområde og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast
" God kjennskap til digitale verktøy
" God kjennskap til prosjekteringsverktøy (Novapoint, Infraworks eller likande)
" Førarkort klasse B
Det er en fordel om du har:
" Generelt gode datakunnskapar og interesse for og kunnskap om prosjekteringsverktøy innan BIM/3D som Novapoint veg, Novapoint VA, tverrfaglig modell m.m.
" Kjennskap til vegnormalar og handbøker

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i Bypakke Ålesund, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, med kontorstad Ålesund.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor
prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til bygginga av Nordøyvegen.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
25.06.21
Utlyst
11.06.21
Vår ref
4974
Merk søknad
Fakta
Overingeniør
Fast
Kontakter
  • Marianne Nærø
    Prosjektsjef
    marianne.nero@mrfylke.no
    92664564
    +4771280063
  • Torbjørn Vatnehol
    Prosjektleiar
    torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
    +4797714119
    +4771280086