Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Byggeleiar - Bypakke Ålesund

Beskrivelse

Vi søker etter byggeleiar for bypakke Ålesund

Bypakken er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen, der det skal byggjast vegprosjekt for om lag 4 mrd kr dei komande åra. Bypakken skal sørge for god framkomelegheit for alle trafikantgrupper, med hovudvekt på kollektivtransport, sykkel, gange og næringstransport. Vi er i gang med oppbemanning av prosjektorganisasjonen og søker no etter byggeleiar for dei fylkeskommunale prosjekta i bypakken. Du vil inngå i eit team med blant anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande og rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar vil styre på porteføljenivå og byggeleiarar følgjer opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og utføringsfasen.

Du får jobbe med å

- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet
- Følgje opp enkeltprosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og
overlevering.
- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innafor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggherrane i samband med prosjekt vi bygg i fellesskap

Vi søker deg som har

Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande). Relevant
erfaring kan kompensere for kompetansekravet.
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i Bypakke Ålesund, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, med kontorstad Ålesund.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor
prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til bygginga av Nordøyvegen.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
25.06.21
Utlyst
11.06.21
Vår ref
4973
Merk søknad
Fakta
Overingeniør
Fast
Kontakter
  • Marianne Nærø
    Prosjektsjef
    marianne.nero@mrfylke.no
    92664564
    +4771280063
  • Torbjørn Vatnehol
    Prosjektleiar
    torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
    +4797714119
    +4771280086