Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Prosjektleiarar byggeprosjekt

Beskrivelse

Vi søker etter

Vi søker etter inntil 3 resultatorienterte og initiativrike prosjektleiarar i 100 % fast stilling i prosjektseksjonen ved stab for bygg- og eigedomstenester.

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø innan prosjektleiing av byggeprosjekt og ønskjer å bidra til utvikling i næringa kan du vere rette personen for oss.

Du får jobbe med

Som prosjektleiar for byggeprosjekt får du ansvaret for planlegging og gjennomføring av ulike byggeprosjekt. Dette inneber ansvar for å levere prosjektet med rett kvalitet, til rett tid og innafor løyvd kostnadsramme. Til arbeidet ligg utarbeiding av konkurransegrunnlag, oppfølging av kontrakt, økonomi, SHA og framdrift. Prosjektleiar har og ansvar for strategiplanar, politiske saker og rapportar knytt til det einskilde prosjekt.

Vi søker deg som

- har relevant høgare utdanning, til dømes sivilingeniør
- har erfaring frå større byggeprosjekt som prosjektleiar, prosjekterande eller byggeleiar.
- arbeider systematisk og grundig
- har gode samarbeidseigenskaper
- har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
- liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig
- er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
- har god erfaring med bruk av digitale verktøy
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:
- Kalkulasjon
- BIM
- HMS/SHA
- Ingeniør Bygg/konstruksjon
- Framdriftsstyring/planlegging (ved bruk av digitale verktøy)

Vi tilbyr

- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen ved stab for bygg- og eigedomstenester, for tida med arbeidsstad i Molde eller Kristiansund.

Stab for bygg- og eigedomstenester i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
28.06.21
Utlyst
10.06.21
Vår ref
4965
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Bjørn Erik Hjellset
    Prosjektsjef
    bjorn.erik.hjellset@mrfylke.no
    90519007
    +4771280126
  • Per Olaf Skuseth Brækkan
    Bygg- og eigedomssjef
    per.olaf.brakkan@mrfylke.no
    92082368
    +4771280227