Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Økonomirådgivar

Beskrivelse

Møre og Romsdal fylkeskommune skal tilsette ein økonomirådgivar. Den som blir tilsett i stillinga vil ha det overordna ansvaret for oppfølging av økonomioppgåver for sentrale stabsavdelingar, fellesfunksjonar og politisk verksemd. Til stillinga ligg også ansvaret for oppfølging av/forvaltninga av fylkeskommunedirektørens tilvisingsmynde.

Vi søker etter

rådgivar i 100 % fast stilling. Arbeider du sjølvstendig, systematisk og målretta? Har du god økonomiforståing og er du god til å sette deg inn i komplekse saksområde? Då kan du vere den vi leiter etter.

Vi søker deg som har god kompetanse og erfaring frå arbeid med økonomi i offentleg forvaltning. Du er vand med å jobbe sjølvstendig og strukturert i ein travel arbeidskvardag, men søker òg gode løysingar i samarbeid med andre.

Du får jobbe med

- dagleg oppfølging av økonomi/rekneskap, herunder fakturabehandling, løn og godtgjersle
- rapportering og resultatvurdering knytt til sentrale stabsavdelingar og fellesfunksjonar
- utarbeiding-, samordning og oppfølging av budsjett for sentrale stabsavdelingar og fellesfunksjonar, samt politisk verksemd
- deltaking i forvaltninga av fylkeskommunens si forsikringsordning
- oppfølging av sentrale rammeavtalar i samarbeid med innkjøpsansvarlege

Vi søker deg som

- høgare relevant utdanning (helst på masternivå),
- relevant erfaring frå liknande arbeid, fortrinnsvis frå offentleg verksemd

I tillegg blir det lagt vekt på personlege ferdigheiter som:
- god evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk, strukturert og målretta
- er dyktig til å planlegge, sette i gang, kontrollere og følge opp aktivitetar
- evne til å sjå utviklingsmoglegheiter
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god erfaring med bruk av digitale verktøy
- godt humør og evne til samarbeid og kommunikasjon, så vel internt som eksternt
- å vere serviceinnstilt og omgjengeleg

Vi tilbyr

- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i Stab for juridiske og administrative tenester. Avdelinga, ein av fire stabsavdelingar, består av fem fagseksjonar og ei stabseining. Hovudoppgåvene til avdelinga er å yte bistand i juridiske saker til administrativ leiing, avdelingane, dei ytre einingane og fylkeskommunale folkevalde organ, å yte bistand i innkjøpsfaglege saker, drift av fylkeskommunen sitt sentralarkiv, vere sekretariatsteneste for dei folkevalde organa i fylkeskommunen og drift av fellestenesta ved Fylkeshuset. Stillinga som økonomirådgivar vil vere plassert i juridisk sjef sin stab.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
25.06.21
Utlyst
02.06.21
Vår ref
4945
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Gudmund Olav Lode
    gudmund.olav.lode@mrfylke.no
    91559953
    +4771280290
  • Eirik Jenssen
    Rådgiver
    eirik.jenssen@mrfylke.no
    91674453
    +4771280288