Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Rådgivar- statistikk og analyse

Beskrivelse

Vi søker etter

ein strukturert rådgivar med sterk fagleg integritet. Du vil få ansvar for statistikk og analyse i samferdselssektoren, med hovudvekt på kollektivtrafikkmarknaden. Det er ein spennande marknad i rask utvikling som krev analysar med høg kvalitet og tett samarbeid med utvikling- og innovasjonsmiljø, både frå privat og offentleg sektor.

Som rådgivar vil du arbeide i strategistaben til samferdselsdirektøren, som mellom anna har ansvar for overordna
planlegging, større utviklingsprosjekt, strategisk arbeid innan merkevara FRAM og transportøkonomiske analyser.

Du får jobbe med

Kollektivtransportanalysar
-analyse av passasjer- og inntektsutvikling i eksisterande kontraktar
-prognoser for komande kontraktar for buss, båt, ferje og fly
-innovasjon og optimering av kollektivtenester sett i samanheng med ny mobilitet

Analyser for samferdselsområdet som heilheit
-uttrekk og rapportering av nøkkeltal
-uttrekk, analyse og samanstilling av tilgjengelege data
-kvantitativ og kvalitativ analyse
-utarbeiding av utgreiingsrapportar

Samhandling
-formidling og visualisering internt og eksternt.
-prosess- og prosjektleiing av utviklingsprosjekt

Stillinga er særs viktig for at samferdselssektoren skal gjere dei rette tiltaka til rett tid med rett kvalitet. Som rådgivar vil
du arbeide sjølvstendig med arbeidsoppgåver hovudsakleg innan kollektivtransport, men også med analyser på
overordna nivå.

Du vil utføre analyser som andre bestiller frå oss, og samtidig må du sjølv ta initiativ til utgreiiingar. Arbeidet du bidrar
med skal skape innovasjon og utvikling av tenestene våre

Vi søker deg som

Har høgare utdanning, der kombinasjon frå desse områda er særskilt interessant:
- Logistikk
- Transportøkonomi
- Samferdselsplanlegging
- Statistikk og analyse

Det er ein fordel om du har erfaring med utgreiingsarbeid. Vi ønsker og at du har erfaring frå prosjektleiing og arbeid i
prosjektorienterte miljø.

Stillinga krev at du kan samanstille og analysere tilgjengelege data, gjennomføre analyser som er både kvalitative og kvantitative, og det er ein føresetnad at du kan arbeide sjølvstendig. Vi søker deg som har fagleg integritet, og som er trygg og sjølvstendig innan fagfeltet.

Vi tilbyr

"ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
"Spennande arbeidsoppgåver som du kan være med på å definere innhaldet i
"eit aktivt, utviklande og forretningsorientert arbeidsmiljø
"god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
"offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
"løn etter avtale

Om arbeidsplassen

I denne jobben blir du ein del av fylkeskommunen sitt tverrfaglege kunnskapsmiljø i Kristiansund. Stillinga som
rådgivar er knytt til vårt fagmiljø på fylkeshuset i Molde. Stillinga er fortrinnsvis plassert på Campus Kristiansund, men
kontorstad Molde kan vurderast. Når Campus Kristiansund sitt første byggetrinn står klart i 2023, vil arbeidsplassen i
Kristiansund vere i nyoppussa lokale i F13-bygget rett ved campusområdet.

Stillinga ligg til samferdselsdirektøren sin stab og er tett knytt til kollektivavdelinga FRAM som er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. FRAM har inntekt og marknadsansvaret for om lag 20 million kollektivreiser kvart år med ei samla årleg omsetning på om lag 725 millionar kroner. Totalt arbeider 39 tilsette på samferdselsområdet med drift og utvikling av kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. FRAM vil være representert med 20 tilsette i Campus Kristiansund frå og med hausten 2020. Fylkeskommunen er ein viktig aktør i etableringa av Campus Kristiansund, og vil vere representert med alle sine tyngste fagområde. Saman med fleire andre aktørar skal vi bidra til å skape eit av dei mest attraktive kompetansenettverka i regionen vår

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
18.05.21
Utlyst
29.04.21
Vår ref
4867
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Arild Fuglseth
    Samferdselsdirektør
    arild.fuglseth@mrfylke.no
    91530085
    +4771280267
  • Hilde Johanne Svendsen
    Seksjonsleiar
    hilde.johanne.svendsen@mrfylke.no
    91607588
    +4771280430