Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Byggeleiar - elektro

Beskrivelse

Vi søker etter

ein utviklings- og løysningsorientert byggeleiar

Vi har mange spennande driftskontraktar og prosjekt i porteføljen vår og fleire nye prosjekt er vedtatt. No bemannar vi opp byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre desse prosjekta.
Vi søker etter byggeleiar for elektro i fylkesvegavdelinga:
" Drift, vedlikehald og investeringsprosjekt innan fagområde elektro
Fylkesvegnettet består av 57 tunnelar, samt diverse trafikksignalanlegg, klimastasjonar, trafikktellepunkt, variable skilt, bruer med elektriske anlegg og veglysanlegg.

Som byggeleiar hos oss vil du:

- Vere del av eit team som styrer både driftskontraktar og utbyggingskontraktar innan fagområdet elektro, tunnel og geofag.
- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.
- Følge opp enkeltprosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og overlevering.
- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til teamleiar og støtte i styringa av prosjektporteføljen for elektro.
- Samarbeide med andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i teamet og i avdelinga.

Vi søker deg som har

- Bachelor/master i ingeniørfag eller fagskoleingeniør, helst innan elkraft/automasjon. Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet.
- Fagbrev innan elektro
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- God kjennskap til arbeid med elektriske anlegg
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar som blir lagt spesiellt vekt på:
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i vegdriftsseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved. Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. I periodar kan det være aktuelt med tursnusjobbing ute på prosjekt med kontorstad på brakkerigg og innlosjering i brakkerigg, leilighet eller tilsvarande.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegdriftseksjonen har i dag 35 tilsette. Vi er i gang med å bemanne opp byggherremiljøet vårt og reknar med å minst doble talet på tilsette i løpet av to år. Seksjonen har i dag teamleiarar, byggeleiarar og kontrollingeniørar og fagressursar innan HMS, geologi, geoteknikk, økonomi og prosjektering. I tillegg har Fylkesvegavdelinga ein stor byggherreorganisasjon knytt til bygginga av Nordøyvegen.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
18.05.21
Utlyst
21.04.21
Vår ref
4858
Merk søknad
Fakta
Overingeniør
Fast
Kontakter
  • Torgeir Bye
    Seksjonsleiar vegdrift
    torgeir.bye@mrfylke.no
    90737873
    +4790737873
  • Olav Amund Myklebust
    Teamleiar elektro, tunnel og geofag
    olav.amund.myklebust@mrfylke.no
    90895110
    +4771280069