Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Byggeleiar- tunnel, bergsikring og tunnelvask

Beskrivelse

Vi søker etter

ein utviklings- og løysningsorientert byggeleiar

Vi har mange spennande driftskontraktar og prosjekt i porteføljen vår og fleire nye prosjekt er vedtatt. No bemannar vi opp byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre desse prosjekta.
Vi søker etter byggeleiar i Fylkesvegavdelinga:
" Drift, vedlikehald og investeringsprosjekt innan fagområde tunnel, bergsikring og tunnelvask
Fylkesvegnettet består av 57 tunnelar, samt en mengde skjæringar og skredpunkt

Som byggeleiar hos oss vil du

- Vere del av eit team som styrer både driftskontraktar og utbyggingskontraktar innan fagområdet elektro, tunnel og geofag.
- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.
- Følgje opp enkeltprosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og overlevering.
- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til teamleiar og støtte i styringa av prosjektporteføljen for tunnel, bergsikring og tunnelvask
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane, kontrollingeniørane og geologane i teamet og i avdelinga.

Vi søker deg som har

- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande). Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet.
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- God kjennskap til arbeid med geologi og tunnel
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i Vegdriftsseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved. Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegdriftsseksjonen har i dag 35 tilsette. Vi er i gang med å bemanne opp byggherremiljøet vårt og reknar med å minst doble talet på tilsette i løpet av to år. Seksjonen har i dag teamleiarar, byggeleiarar og kontrollingeniørar og fagressursar innan HMS, geologi, geoteknikk, økonomi og prosjektering. I tillegg har Fylkesvegavdelinga ein stor byggherreorganisasjon knytt til bygginga av Nordøyvegen.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
18.05.21
Utlyst
21.04.21
Vår ref
4857
Merk søknad
Fakta
Overingeniør
Fast
Kontakter
  • Torgeir Bye
    Seksjonsleiar vegdrift
    torgeir.bye@mrfylke.no
    90737873
    +4790737873
  • Olav Amund Myklebust
    Teamleiar elektro, tunnel og geofag
    olav.amund.myklebust@mrfylke.no
    90895110
    +4771280069