Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Teamleiar, plan og trafikkseksjonen

Beskrivelse

Vi søker etter

ein leiar som har kompetanse innan planfag, eigedomsfag eller Geodata/NVDB, og som ønskjer å kombinere fag og personalleiing.

Ved fylkesvegavdelinga, seksjon for plan og trafikk, har vi ledig stilling som teamleiar. Stillinga inneberer fagleg leiing og personalansvar for12 medarbeidarar.

Du får jobbe med

ansvar for fagområde eigedomsfag (grunnerverv og landmåling), vegplanlegging og utarbeiding av reguleringsplanar, samt Nasjonal vegdatabank/geodata. Det vil og vere aktuelt med sakshandsaming og utgreiing innanfor dei andre fagområda som seksjonen og avdelinga har ansvar for. For å betre porteføljestyringa har vi behov for å tilsette ein teamleiar og som teamleiar vil du samarbeide tett med seksjonsleiar og stabsmedarbeidar i ein hektisk og spennande kvardag. Teamleiar vil fungere som stedfortredar for seksjonsleiar

Vi søker deg som har

relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå og har erfaring med personalleiing. Du har fagkunnskap innan eitt eller fleire av fagområda du vil få ansvar for. Personlege eigenskapar for stillinga vil i bli vektlagt. Du må ha evne til å skape trygge og tydelege rammar for dei tilsette, og er open og lyttande når du kommuniserer med dei rundt deg.
Du er tydeleg som leiar, opptatt av kvalitet og du liker å samarbeide med andre. Gode skriftlege og munnlege eigenskapar er ein føresetnad.
Vi krev førarkort for personbil.

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø i tett integrasjon med samfunnslivet Møre og Romsdal
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Plan- og trafikkseksjonen har hovudansvaret for planlegging og forvaltning av fylkesvegnettet. I dette ligg blant anna arbeid med trafikktryggleik, behandling av saker etter plan og bygningslova, trafikkteknikk, vegplanlegging og utarbeiding av reguleringsplanar, eigedoms- og grunnspørsmål, tilstandsregistrering, vegdata og geodataarbeid. Vi arbeider tett opp mot driftsseksjonen og utbyggingsseksjonen.

Vi har kontor både i Ålesund, Molde og Kristiansund, og som Teamleiar for fagområde eigedom, plan og prosjektering og NVDB/geodata vil du ha tilsette på alle dei tre kontorstadane.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
18.05.21
Utlyst
21.04.21
Vår ref
4854
Merk søknad
Fakta
Leiar
Fast
Kontakter
  • John Hauger
    Seksjonsleiar plan og trafikk
    john.hauger@mrfylke.no
    41298652
    +4771280047
  • Ole Jan Tønnesen
    Fylkesvegsjef
    ole.jan.tonnesen@mrfylke.no
    92029590
    92029590