Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Rådgivar statistikk og analyse

Beskrivelse

Vi søker etter

deg som vil utvikle, analysere og formidle statistikk for kompetanse- og næringsområdet.

Du får jobbe med

- å utarbeide statistikk og analyser for heile kompetanse- og næringsområdet og utvikle system for å måle effekt av fylkeskommunens tiltak
- å utarbeide kunnskapsgrunnlag til utviklingsprosjekt og regional planlegging, for eksempel fylkesstrategiar og politiske saker
- analyse av den vidaregåande opplæringa og hente data til dagleg drift
- å levere, analysere og formidle søkar- og elevtal i vidaregåande opplæring
- å utarbeide oversikt over kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal

Vi søker deg som

- har utdanning på masternivå innan statistikk, matematikk, dataanalyse eller anna relevant utdanning på masternivå
- har erfaring med å utarbeide statistikk og analyser frå databasar med grunnlagsdata. Fylkeskommunen brukar Qlik-applikasjonar, så erfaring i for eksempel SQL, programmering, scripting er ein fordel.

Vi vil også legge vekt på at du

- er analytisk og har evne til å sjå samanhengar og gjere kritiske vurderingar
- er god til å kommunisere på ein forståeleg og tydeleg måte, også med dei som ikkje kjenner fagområdet ditt
- arbeider målretta og sjølvstendig og bidrar til utvikling og framdrift
- har gode samarbeidsevner og er ein positiv bidragsytar

Vi tilbyr

- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Kompetanse- og næringsavdelinga har ansvaret for vidaregåande opplæring og Fagskolen i Møre og Romsdal. Avdelinga arbeider også med vekst og nyskaping i næringsliv og kommunar og med berekraftig forvaltning av naturressursane. Det er om lag 75 tilsette på avdelinga. Stillinga er plassert i stab med arbeidsstad i Molde.

Du kan lese meir om kompetanse- og næringsområdet på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune, mrfylke.no

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Stillinga er ei 100% fast stilling.

Søk
Søknadsfrist
18.05.21
Utlyst
23.04.21
Vår ref
4853
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Monica Kjøl Tornes
    Assisterande kompetanse- og næringsdirektør
    monica.kjol.tornes@mrfylke.no
    971 95 375
    +4771280291
  • Line Sandøy Hjelle
    line.sandoy.hjelle@mrfylke.no
    95179609
    +4771280363