Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Koordinator for arbeid mot arbeidslivskriminalitet

Beskrivelse

Møre og Romsdal fylkeskommune styrkar innsatsen mot arbeidslivskriminalitet, og skal i denne forbindelse tilsette ein eigen koordinator. Den som blir tilsett i stillinga vil ha det overordna ansvaret for å vidareutvikle og koordinere fylkeskommunen sin samla innsats mot arbeidslivskriminalitet og innanfor fylkeskommunen sine fagområde.

Vi søker etter

rådgivar i 100 % fast stilling. Arbeider du sjølvstendig, systematisk og målretta? Er du god til å samarbeide og sette deg inn i komplekse saksområde? Då kan du vere den vi leiter etter.

Vi søker deg som har god kompetanse og erfaring frå arbeid mot arbeidslivskriminalitet. Du skal jobbe både førebyggande og konkret mot arbeidslivskriminalitet knytt til konkrete kontraktar og eller kontraktsområde.

Du er vand med å jobbe sjølvstendig og strukturert i ein travel arbeidskvardag, men søker òg gode løysingar i samarbeid med andre.

Du får arbeide med

* å bidra til å styrke og utvikle fylkeskommunen sin innsats mot arbeidslivskriminalitet
* å bidra til å sikre etterleving av lovar/regelverk og anna på området
* opplæring/kompetansehevingstiltak i eigen organisasjon innanfor dette området
* å vere bindeledd og sikre samarbeid mellom fylkeskommunen, offentlege myndigheiter og andre aktørar på området
* andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til stab for juridiske og administrative tenester

Ønska kompetanse

* høgare utdanning på minimum bachelornivå der for eksempel fag/tema innan økonomi/administrasjon, juss eller revisjon inngår
* relevant erfaring frå liknande arbeid, fortrinnsvis frå offentleg verksemd

I tillegg blir det lagt vekt på personlege ferdigheiter som:
* god evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk, strukturert og målretta
* god evne til å sette seg inn i komplekse saksområde
* god munnleg og skriftleg framstillingsevne
* god erfaring med bruk av digitale verktøy
* godt humør og evne til samarbeid og kommunikasjon, så vel internt som eksternt
* å vere serviceinnstilt og omgjengeleg

Vi tilbyr

* ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
* god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
* offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
* løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i Stab for juridiske og administrative tenester. Avdelinga, ein av fire stabsavdelingar, består av fem fagseksjonar og ei stabseining. Hovudoppgåvene til avdelinga er å yte bistand i juridiske saker til administrativ leiing, avdelingane, dei ytre einingane og fylkeskommunale folkevalde organ, å yte bistand i innkjøpsfaglege saker, drift av fylkeskommunen sitt sentralarkiv, vere sekretariatsteneste for dei folkevalde organa i fylkeskommunen og drift av fellestenesta ved Fylkeshuset. Stillinga som koordinator vil vere plassert i juridisk sjef sin stab.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
19.05.21
Utlyst
22.04.21
Vår ref
4836
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Gudmund Olav Lode
    juridisk sjef
    gudmund.olav.lode@mrfylke.no
    91559953
    +4771280290
  • Eirik Jenssen
    fagleiar
    eirik.jenssen@mrfylke.no
    91674453
    +4771280288