Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din. Vi er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Rådgivar i seksjon for arkiv, bibliotek og museum

Beskrivelse

Brenn du for bibliotekutvikling?

Vi søker etter ein dyktig og engasjert rådgivar i 100% fast stilling som vil vere med på å ta biblioteka inn i framtida.

Du får jobbe med

Møre og Romsdal fylkeskommune har spennande moglegheiter for deg som vil jobbe med bibliotekutvikling. I kulturavdelinga har seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) det fylkeskommunale ansvaret for regionale bibliotekoppgåver og bibliotekutvikling. Vi ser etter deg med solid kunnskap om digitale plattformer og formidling. Den rette kandidaten vil få eit særleg ansvar for digitale innhaldstenester til folkebiblioteka i Møre og Romsdal.

Oppgåver til stillinga
- Fagansvar for digital bibliotekutvikling
- Tilrettelegging og formidling av digitale innhaldstenester på bibliotekfeltet
- Rådgiving og rettleiing om drift og utvikling av bibliotek
- Utvikling og rådgiving knytt til fagområda kunnskapsorganisasjon og gjenfinning
- Prosjektleiing og prosjektarbeid
- Delta i utarbeiding av kompetansehevande kurs for bibliotektilsette
- Digital utvikling i ABM-seksjonen

Til denne jobben søker vi deg som har

- Minimum bachelor i bibliotek og informasjonsvitskap eller anna relevant fagområde
- Erfaring frå biblioteksektoren er ønskeleg, men ikkje eit krav
- God digital kompetanse og erfaring med digitale plattformer og formidling
- God forståing for og innsikt i digitale arbeidsprosessar
- Interesse for nyskaping, innovasjon og teknologiutvikling
- Heilskapleg perspektiv på biblioteka sitt samfunnsoppdrag
- Erfaring med prosessleiing og prosjektarbeid
- God gjennomføringsevne og evne til strategisk tenking
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men òg i team
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
- Førarkort kl. B

Hos oss får du

- ei utfordrande rådgivarstilling i eit positivt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- ei moglegheit til å løfte Møre og Romsdal fylkeskommune si samla kompetanse på feltet, og styrke rolla vår ut mot biblioteka i fylket
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- flyttegodtgjersle
- løn etter avtale
- Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i samsvar med gjeldande lover, avtalar og reglement.

Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag og sektorar. Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Avdelinga jobbar mellom anna med kulturminneforvaltning, kunst- og kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk aktivitet, i tillegg til rammevilkår for frivillig sektor og kulturelle og kreative næringar. Avdelinga har 43,5 årsverk og eit bruttobudsjett på 300 millionar kroner. Kulturområdet har arbeidslokalar både i Ålesund, Molde og Kristiansund og ABM-seksjonen held til i Ålesund. Noko reising må påreknast. Fylket byr på eit mangfaldig kulturliv med nærleik til naturen og ulike urbane tilbod.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
27.04.21
Utlyst
08.04.21
Vår ref
4833
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • One Marthe Jostad Vik
    fagansvarleg bibliotekutvikling
    one.marthe.jostad.vik@mrfylke.no
    +4771280507
  • Inger Lise Aarseth
    konst. seksjonsleiar
    inger.lise.aarseth@mrfylke.no
    97113962
    +4771280504