Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.
Vi søker etter deg som har god kompetanse og erfaring med innkjøpsarbeid, fortrinnsvis frå offentleg sektor.
Du er vant med å jobbe sjølvstendig i ein travel arbeidskvardag, men søker og gode løysingar i samarbeid med andre når det er behov. Du har god erfaring med å arbeide i team og har god erfaring i bruk av digitale verktøy i arbeidet.
* bidra med å styrke og utvikle det innkjøpsfaglege miljøet i seksjonen
* opplæring/kompetansehevingstiltak for anskaffingsansvarlege i organisasjonen
* gi innkjøpsfaglege råd, og rettleie fylkeskommunen sine avdelingar i innkjøpsprosessar
* planlegging og gjennomføring av innkjøpsprosessar i fylkeskommunen
* inngå avtalar/rammeavtalar og ha ansvar for/bistå med støtte i avtaleoppfølging
* høgare utdanning på minimum bachelornivå der fag/tema innan økonomi/administrasjon, juss, revisjon eller logistikk inngår
* relevant erfaring frå liknande stilling, fortrinnsvis frå offentleg verksemd
* god evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta
* god evne til samarbeid internt og eksternt mot leverandørar
* er serviceinnstilt og omgjengeleg
* god munnleg og skriftleg framstillingsevne
* god erfaring med bruk av digitale verktøy i innkjøpsprosessen
* ei spanande stilling med utfordrande innkjøpsfaglege oppgåver
* godt fagleg miljø som legg vekt på styrking av den innkjøpsfaglege kompetansen
* eit godt arbeidsmiljø
* fleksibel arbeidstid
* løn etter avtale
* medlemskap i KLP (tenestepensjonsordning) med pliktig innskot på 2% av brutto løn
Innkjøpsseksjonen er ein seksjon i Stab for juridiske og administrative tenester. Seksjonen er under omstrukturering og vil ha 5 tilsette med ansvar for å gjennomføre, eller gi bistand i gjennomføring av, innkjøp og anskaffingskonkurransar for fylkeskommunen. Seksjonen har ansvar for å forvalte fylkeskommunen sin overordna innkjøpsstrategi, og ansvar for å utarbeide og implementere prosedyrar og rutinar for å sikre at fylkeskommunen sine innkjøp skjer i samsvar med gjeldande regelverk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.