Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Rådgivar, juridisk seksjon

Beskrivelse

Vi søker etter

juridisk rådgivar i 100 % fast stilling. Arbeider du sjølvstendig, systematisk og målretta og er god til å samarbeide og sette deg inn i komplekse saksområde? Då kan du vere den vi leiter etter.

Du får jobbe med

* Generell juridisk rådgjeving innan offentleg forvaltning, herunder forvaltningsrett, kommunalrett, offentleglova
* Sakshandsaming, herunder sakshandsaming fram til folkevalde organ
* Bidra i forbindelse med inngåing av avtalar og kontraktar på ulike tenesteområde i fylkeskommunen
* Opplæring/informasjon i eigen organisasjon

Ønska kompetanse

Vi søker etter medarbeidar med:
* Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
* Erfaring frå tilsvarande stilling i det offentlege eller private blir tillagt vekt

I tillegg blir det lagt vekt på personlege ferdigheiter som:
* evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
* godt humør og evne til samarbeid og kommunikasjon, så vel internt som eksternt
* god munnleg og skriftleg framstillingsevne
* god formidlingsevne
* god evne til å sette seg inn i komplekse saksområde

Vi tilbyr

* ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
* god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
* offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
* løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen, Stab for Juridiske og administrative tenester, for tida med arbeidsstad i Molde. Stabsavdelinga for Juridiske og administrative tenester er organisert i 5 seksjonar - Innkjøp, Dokumentsenteret, Utvalssekretariatet, Fellestenesta og Juridisk seksjon. Avdelinga har f.t. 42 medarbeidarar i faste stillingar, med kontorlokale ved Fylkeshusa i Molde.

Ved Juridisk seksjon er det ledig 100 % fast stilling som juridisk rådgivar. På Juridisk seksjon er det i dag 4 juristar, inkludert seksjonsleiar.

Som jurist i Møre og Romsdal fylkeskommune får du vere del av ein seksjon som yter juridisk rådgiving innan eit vidt spekter. I tillegg til forvaltningsrett, kommunalrett og saker etter offentleglova, yter seksjonen juridisk rådgiving innan til dømes utdanningsrett, arbeidsrett, kontraktsrett, eigedomsrett, plan- og bygningsrett, saker etter veglova m.v. Seksjonen har organisert arbeidet slik at juristane er hovudkontakt for kvar sine avdelingar i fylkeskommunen, men likevel slik at handtering av det enkelte oppdrag vert fordelt eller løyst i samarbeid mellom juristane alt etter kompetanse og kapasitet innad i seksjonen.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
28.04.21
Utlyst
26.03.21
Vår ref
4830
Merk søknad
Fakta
Rådgivar
Fast
Kontakter
  • Marianne Halseth Hole
    seksjonsleiar
    marianne.halseth.hole@mrfylke.no
    92281553
    +4771280278
  • Gudmund Olav Lode
    juridisk sjef
    gudmund.olav.lode@mrfylke.no
    91559953
    +4771280290