Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.
Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert ein tverrfagleg prosjektarena og innført porteføljestyring for å styrke organisasjonen si skaparevne og måloppnåing. Vi søker no etter ein rådgivar som skal koordinere porteføljearbeidet, fasilitere samarbeidsprosessar på prosjektarenaen og gje støtte til prosessleiarar.
Fylkeskommunen ønsker å styrke tverrfagleg og verdiskapande samarbeid mellom nivå og fagområde i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartar. Utvikling skjer både gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid og i prosjekt/program. Kvaliteten på utviklingsprosessane er avgjerande for realisering av ønska gevinstar.
Prosjektarenaen er sentralt plassert i organisasjonen for å sikre samarbeid om og gjennomføring av prosjekt/program i portefølja. Dette er både ein fysisk og digital møteplass for kompetanse- og nettverksbygging og samarbeid om samfunns-, teneste- og organisasjonsutvikling.
Porteføljestyringa i fylkeskommunen handlar om å identifisere, prioritere, iverksette og sikre oppfølging av organisasjonen sine utviklingsprosjekt og programsatsingar (vegprosjekt og bygg- og eigedomsprosjekt inngår ikkje). Porteføljestyringa inngår i verksemdstyringa og skal bidra til å nå dei strategiske måla til fylkeskommunen.
Oppgåver til stillinga:
* Prosessleiing og fasilitering av tverrfaglege workshops, medverkings- og utviklingsprosessar
(behovskartlegging, idé-og prosjektutvikling, risikovurdering og gevinstplanlegging)
* Initiere og utarbeide prioriteringsgrunnlag og førebu saker for fylkeskommunedirektøren sitt porteføljestyre
* Initiere og koordinere aktivitetar i porteføljestyringsarbeidet
* Gi støtte til prosjekt- og programleiarar, linjeleiarar og porteføljestyre
* Utvikle prosjektarenaen som samlingspunkt, base og møteplass for innovasjon
* Vidareutvikle verktøykasse for prosessleiing, prosjekt-, program- og porteføljestyring
* Administrere og vidareutvikle den digitale portalen til prosjektarenaen
* Minst 3-årig relevant høgare utdanning
* Prosesskompetanse (dvs prosessleiing/fasilitering, prosessdesign, samt refleksjon og etterarbeid)
* Erfaring med innovasjonsmetodikk (til dømes Design Thinking og innsiktsanalyser)
* Erfaring med tverrsektorielt eller tverrfagleg samarbeid
Vi vil elles legge vekt på at du:
* Har erfaring med porteføljestyring og/eller programstyring. Det vert lagt til rette for kompetanseheving ved behov
(t.d. Prince2, MoP-Management of Portfolios og MSP-Managing Successful Programs)
* Brenn for nyskaping, innovasjon og teknologiutvikling
* Har god organisasjonsforståing og heilskapleg tilnærming
* Evner å omsette teori til praksis
* Er god til å formidle, samarbeide og knytte relasjonar
* Er undersøkande, initiativrik og positiv
* Har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
* Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
* Delta i nasjonale nettverk: Innovasjonsnettverket og PPP-nettverket (prosjekt-, program- og porteføljestyring)
* Fleksitid
* Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP/SPK)
* Løn etter avtale
Seksjon for tenesteutvikling og digitalisering er nyetablert, har fire stillingar og er lokalisert på den fysiske prosjektarenaen på fylkeshuset i Molde.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.