Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Fagerlia-Ålesund vgs, avd. Ålesund - lærar naturbruk

Beskrivelse

Vi søker etter lærar i programfag naturbruk og akvakultur


Vi styrker opplæringa innan fag retta mot akvakultur og havbruksnæringa, og søker difor etter ein lærar i inntil 100% fast stilling som kan undervise i programfag på VG1 Naturbruk og på VG2 Akvakultur.

Om stillinga


Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

* Undervisning på VG1 Naturbruk
* Undervisning på VG2 Akvakultur
* Samarbeid med næringslivet om det pedagogiske opplegget for elevar utplassert i bedrift
* Oppfølging av elevar utplassert i bedrift
* Bistå elevar med å skaffe seg praksisplass

Dine kvalifikasjonar


Vi søker etter ein person med god akvakulturfagleg bakgrunn. Praktisk erfaring frå oppdrettsnæringa er naudsynt for stillinga. Du må ha undervisningskompetanse innan akvakultur, helst på bachelor eller masternivå. Kandidatar med fagbrev, toårig yrkesteoretisk utdanning og praksis frå næringa er og aktuelle. I tillegg må du ha godkjent pedagogisk kompetanse. Dersom skolen ikkje får søkarar som har pedagogisk utdanning, kan det bli gitt tidsavgrensa dispensasjon frå dette kravet fram til pedagogisk utdanning er gjennomført.

Elevane skal ha likeverdige moglegheiter for utvikling og læring. Det er viktig at du er ein tydeleg og god klasseleiar, med evne til å danne gode relasjonar til elevane og kan skape eit godt læringsmiljø. Du må kunne sette deg inn i elevane sine behov, ha tydelege forventningar og tru på at kvar enkelt kan lukkast med å nå måla sine. Elevane skal få auka motivasjon til læring ved å oppleve meistring.

Vi legg vekt på ei pedagogisk tilnærming som skaper meining for elevane. Du må kunne undervise på ein måte som dannar logisk samanheng mellom teori og praksis, og som viser elevane at det dei lærer på skolen har ein relevans.

Stillinga inneber og at du evnar å vere ein god samarbeidspartnar for kollegaer, næringslivet, føresette og andre.

Relevant utdanning, erfaring frå arbeid innan akvakultur og havbruk, undervisningserfaring og personleg eignatheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr


- dyktige og engasjerte kollegaer og elevar
- ein arbeidsstad med stort mangfald og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- ein arbeidsgjevarpolitikk som satser på leiarar og medarbeidarar
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lovar, avtalar og reglement.

Om skolen


Fagerlia og Ålesund videregående skole er no midt i ein spanande samanslåingsprosess. Skoleåret 2021/22 er vi samla med rundt 1600 elevar og 250 tilsette på våre tre lokasjoner ved Fagerlia, Latinskolen og Volsdalsberga. Skolen er fra hausten 2021 den største vidaregåande skolen i Møre og Romsdal. Vi har eit variert og godt tilbod med utdanningsprogramma studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, informasjonsteknologi og medieproduksjon, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur, naturbruk, teknikk og industrifag, medier og kommunikasjon, sal, service og reiseliv og idrettsfag.

Sjå meir på informasjonssida for Fagerlia-Ålesund videregående skole: https://sites.google.com/gapps.mrvgs.no/fagerlia-aalesundvgs/heim

Andre opplysningar


Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Politiattest


Den som blir tilsett må levere politiattest.

Søk
Søknadsfrist
18.04.21
Utlyst
26.03.21
Vår ref
4824
Merk søknad
Fakta
Adjunkt
Fast
Kontakter
  • Kai Åge Jansson
    kai.age.jansson@mrfylke.no
    91715560
    +4771282619
  • Cecilie Mari Bjørkavåg
    kst. avdelingsleiar for naturbruk
    cecilie.mari.bjorkavag@mrfylke.no
    90010475
    +4771282613