Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar, Spjelkavik vgs

Beskrivelse

Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit datasenter med om lag 250 virtuelle og fysiske serverar, og IT-seksjonen driftar dei
fylkeskommunale IT-tenestene. Vi har eit stort datanett for vidaregåande skule, tannhelse og sentraladministrasjon som
IT-seksjonen har ansvar for. Team Brukaroppleving skal ivareta 1. linje brukarstøtte for alle IT-tenestene.

Spjelkavik videregåande skole har 500 elevar og 60 tilsette og ligg landleg i bydelen Spjelkavik i Ålesund. I nærmiljøet rundt skolen er det gode moglegheiter for ligg det godt til rette for turar og rekreasjon både sommar og vinter.
Skolen har utdanningsprogram for studiespesialisering og har eit bredt tilbod innan språk, samfunnsfag og økonomi, realfag og internasjonalisering. Skolen legg stor vekt på å gje elevane undervisning med god fagleg kompetanse.

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar

Ved Stab for organisasjon og tenesteutvikling, IT-seksjonen, er det ledig 100% fast stilling ved IT-servicedesk i Team Brukaroppleving. Stillinga rapporterer til leiar for Team Brukaroppleving og er lokalisert ved Spjelkavik vidaregåande skole. Stillinga vil også bidra til lokal support ved Borgund videregåande skole ved behov.

Du får jobbe med

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar i Team Brukaroppleving vil jobbe med brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal
fylkeskommune gjennom sakshandsaming i supportsystemet, chat og telefon, samt fysisk rettleiing til elevar og tilsette ved skulen.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
" Brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune
" IT-støtte ved skulestart, eksamen og heildagsprøver
" Lokal IT-ressurs for skulen
" Opplæring i bruk av IT-tenester
" Montering og rigging av teknisk utstyr og AV-utstyr
" Klientdrift - tilrettelegging "tanking" og feilsøking
" Sakshandsaming i Pureservice
" Rettleiing av lærlingar

Kvalifikasjonar

" Fagbrev IKT-servicefag eller grunnleggande IT-kompetanse
" God forståing av IT infrastruktur
" Erfaring med servicearbeid og kundehandsaming
" Kjennskap til ITIL-metodikk

Vi ser etter ein medarbeidar som samen med oss vil strekke seg langt for å gi brukarane våre ei god brukaroppleving. Vår nye
medarbeidar er imøtekomande, tolmodig og kompetent, og set brukaren i fokus.
Vi søker deg som er serviceinnstilt, pliktoppfyllande, utadvent, resultat- og løysningsorientert, og som har gode samarbeidsevner og god gjennomføringsevne. Du må vere komfortabel med telefon og chat som arbeidsverktøy og ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Stor arbeidskapasitet er noko vi verdsett, og du må takle hektiske periodar. Rutinar og nye system har du ingen problem med å sette deg raskt inn i og du ønsker alltid å hjelpe andre på best mogleg måte.

Vi tilbyr

" Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
" Aktivt arbeidsmiljø med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
" Introduksjonsprogram
" Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemsskap i KLP)
" Løn etter avtale

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
11.04.21
Utlyst
23.03.21
Vår ref
4823
Merk søknad
Fakta
Fagarbeider
Fast
Kontakter
  • Heidi Cathrine Øverland Thomassen
    Leder Team Brukeropplevelse
    heidi.cathrine.thomassen@mrfylke.no
    91392101
    +4771280145
  • Dagfinn Grønvik
    IT-sjef
    dagfinn.gronvik@mrfylke.no
    95925924
    +4771280149