Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar, Fagskolen i Ålesund

Beskrivelse

Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit datasenter med om lag 250 virtuelle og fysiske serverar, og IT-seksjonen driftar dei
fylkeskommunale IT-tenestene. Vi har eit stort datanett for vidaregåande skule, tannhelse og sentraladministrasjon som
IT-seksjonen har ansvar for. Team Brukaroppleving skal ivareta 1. linje brukarstøtte for alle IT-tenestene.

Fagskolen Møre og Romsdal, studiestad Ålesund, har maritime og tekniske studiar. Skolen har om lag 250 studentar og 40 tilsette. Studentane ved Fagskolen har yrkesretta vidaregåande opplæring og fagbrev. Mange har i tillegg erfaring frå arbeidslivet. Gjennomsnittsalderen på studentane er om lag 25 år.
Frå 1.august 2021 er Fagskolen i Ålesund slått saman med Fagskolen i Kristiansund til Fagskolen Møre og Romsdal. Vi blir då eit større fagmiljø med fokus på samarbeid. Vi vil være en raus organisasjon der vi ser kvarandre, vil kvarandre vel og bidreg til fellesskapet.
Fagskolen i har tilsette med høg fagleg kompetanse. Vi har stort fokus på å tilby fagleg relevant utdanning for studentane og har tett kontakt med næringane.

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar

Ved Stab for organisasjon og tenesteutvikling, IT-seksjonen, er det ledig 100% fast stilling ved IT-servicedesk i Team Brukaroppleving. Stillinga rapporterer til leiar for Team Brukaroppleving og er lokalisert ved Fagskolen Møre og Romsdal i Ålesund.

Du får jobbe med

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar i Team Brukaroppleving vil jobbe med brukarstøtte til tilsette og elevar/studentar i Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom sakshandsaming i supportsystemet, chat og telefon, samt fysisk rettleiing til elevar og tilsette ved skulen.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
" Brukarstøtte til tilsette og elevar/studentar i Møre og Romsdal fylkeskommune
" IT-støtte ved skulestart, eksamen og heildagsprøver
" Lokal IT-ressurs for skulen
" Opplæring i bruk av IT-tenester
" Montering og rigging av teknisk utstyr og AV-utstyr
" Klientdrift - tilrettelegging "tanking" og feilsøking
" Sakshandsaming i Pureservice
" Rettleiing av lærlingar

Kvalifikasjonar

" Fagbrev IKT-servicefag eller grunnleggande IT-kompetanse
" God forståing av IT infrastruktur
" Erfaring med servicearbeid og kundehandsaming
" Kjennskap til ITIL-metodikk

Vi ser etter ein medarbeidar som samen med oss vil strekke seg langt for å gi brukarane våre ei god brukaroppleving. Vår nye
medarbeidar er imøtekomande, tolmodig og kompetent, og set brukaren i fokus.
Vi søker deg som er serviceinnstilt, pliktoppfyllande, utadvent, resultat- og løysningsorientert, og som har gode samarbeidsevnerog god gjennomføringsevne. Du må vere komfortabel med telefon og chat som arbeidsverktøy og ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Stor arbeidskapasitet er noko vi verdsett, og du må takle hektiske periodar. Rutinar og nye system har du ingen problem med å sette deg raskt inn i og du ønsker alltid å hjelpe andre på best mogleg måte.

Vi tilbyr

" Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
" Aktivt arbeidsmiljø med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
" Introduksjonsprogram
" Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemsskap i KLP)
" Løn etter avtale

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
11.04.21
Utlyst
23.03.21
Vår ref
4822
Merk søknad
Fakta
Fagarbeider
Fast
Kontakter
  • Heidi Cathrine Øverland Thomassen
    Leder Team Brukeropplevelse
    heidi.cathrine.thomassen@mrfylke.no
    91392101
    +4771280145
  • Dagfinn Grønvik
    IT-sjef
    dagfinn.gronvik@mrfylke.no
    95925924
    +4771280149