Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Lærar anleggsgartnarfag - 2.gangs utlysning

Beskrivelse

Vi søker etter

Ved Gjermundnes vidaregåande skule har vi ledig fast 100% stilling som lærar i anleggsgartnarfag.

Vi søkjer deg som både har rett kompetanse og som ønsker å bli vår nye kollega.

Om stillinga

Som vår nye lærar i vil du få følgjande arbeidsoppgåver:
* undervisning i programfag på VG2 Anleggsgartnar
* må kunne undervise i både den praktiske og teoretiske delen av faga
* må pårekne å måtte undervise i tilgrensande fag ved skulen
* kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt

Vi søker deg som

* har relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule
* kan bruke norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
* har god digital kompetanse
* er ein trygg og tydeleg vaksen i samværet med elevane
* har god evne til å samarbeide med tilsette, føresette og eksterne aktørar

Vi tilbyr

* ei utfordrande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø saman med elevar og kollegaer
* god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
* offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
* løn etter tariff

Om skulen

Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved
Romsdalsfjorden i Vestnes kommune.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging. Skulen vår har dei siste åra hatt
om lag120 elevar. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Du finn meir informasjon om oss på gjermundnes.vgs.no eller du kan søke oss opp på Facebook og Instagram.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Søk
Søknadsfrist
18.04.21
Utlyst
22.03.21
Vår ref
4812
Merk søknad
Fakta
Lærer
Underv. fast
Kontakter
  • Aadne Runar Haarr
    Rektor
    aadne.runar.haarr@mrfylke.no
    91584305
    +4771282910