Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar Volda vgs

Beskrivelse

Om arbeidsplassen


Møre og Romsdal fylkeskommune har eit datasenter med om lag 250 virtuelle og fysiske serverar, og IT-seksjonen driftar dei fylkeskommunale IT-tenestene. Vi har eit stort datanett for vidaregåande skule, tannhelse og sentraladministrasjon som IT-seksjonen har ansvar for. Team Brukaroppleving skal ivareta 1. linje brukarstøtte for alle IT-tenestene.

Volda vidaregåande skule ligg sentralt i studiebygda Volda. Skulen har om lag 500 elevar og 100 tilsette, og har desse programområda:
" Studiespesialisering (ST)
" Medium og kommunikasjon (ME)
" Musikk, dans og drama (MDD)
" Kunst, design og arkitektur (KDA)
" Påbygging til generell studiekompetanse (PB)
" Tilrettelagt klasse (TK)
Undervisninga er delt over fleire bygg, der hovudvekta er på Øvre bygg (tidl. gymnaset) MDD og ME held til på Nedre bygg (tidl. handelsskulen). Vi har i tillegg undervisning i Volda campus arena (VCA), musikkbingar og vaktmesterbustaden.
For meir informasjon om skulen, sjå volda.vgs.no

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar

Ved Volda vidaregåande skule og stab for organisasjon og tenesteutvikling, IT-seksjonen, er det ledig 100% fast stilling ved IT-servicedesk i Team Brukaroppleving. Stillinga rapporterer til leiar for Team Brukaroppleving og er lokalisert ved Volda vidaregåande skule.

Du får jobbe med

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar i Team Brukaroppleving vil jobbe med brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom sakshandsaming i supportsystemet, chat og telefon, samt fysisk rettleiing til elevar og tilsette ved skulen.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
" Brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune
" IT-støtte ved skulestart, eksamen og heildagsprøver
" Lokal IT-ressurs for skulen
" Opplæring i bruk av IT-tenester
" Montering og rigging av teknisk utstyr og AV-utstyr
" Klientdrift - tilrettelegging "tanking" og feilsøking
" Sakshandsaming i Pureservice
" Rettleiing av lærlingar

Ønska kvalifikasjonar

" Fagbrev IKT-servicefag eller grunnleggande IT-kompetanse
" God forståing av IT infrastruktur
" Erfaring med servicearbeid og kundehandsaming
" Kjennskap til ITIL-metodikk

Vi ser etter ein medarbeidar som samen med oss vil strekke seg langt for å gi brukarane våre ei god brukaroppleving. Vår nye medarbeidar er imøtekomande, tolmodig og kompetent, og set brukaren i fokus.
Vi søker deg som er serviceinnstilt, pliktoppfyllande, utadvent, resultat- og løysningsorientert, og som har gode samarbeidsevner og god gjennomføringsevne. Du må vere komfortabel med telefon og chat som arbeidsverktøy og ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Stor arbeidskapasitet er noko vi verdsett, og du må takle hektiske periodar. Rutinar og nye system har du ingen problem med å sette deg raskt inn i og du ønsker alltid å hjelpe andre på best mogleg måte.

Vi tilbyr

" Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
" Aktivt arbeidsmiljø med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
" Introduksjonsprogram
" Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemsskap i KLP)
" Løn etter avtale

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søk
Søknadsfrist
11.04.21
Utlyst
21.03.21
Vår ref
4808
Merk søknad
Fakta
Fagarbeider
Fast
Kontakter
  • Heidi Cathrine Øverland Thomassen
    Leder Team Brukeropplevelse
    heidi.cathrine.thomassen@mrfylke.no
    91392101
    +4771280145
  • Olav Trandal
    Avdelingsleiar IT, drift og merkantile tenester
    olav.trandal@mrfylke.no
    90674885
    +4771282304