Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Fagerlia-Ålesund vgs, avd. Ålesund - lærar i rettslære

Beskrivelse

Lærar i rettslære


Vi søkjer etter ein engasjert lærar i 30 % fast stilling.

Dine arbeidsoppgåver


Arbeidsoppgåvene dine vil vere undervisning i rettslære i vidaregåande skole. Arbeidsstad er for tida ved Latinskolen.

Vi søker deg som


- har bachelor i jus eller annan relevant juridisk utdanning
- har pedagogisk utdanning
- trivst i lag med ungdom og er ein god klasseleiar
- har erfaring med undervisning
- kan oppnå gode relasjonar med elevane
- har god evne til å samarbeide med andre tilsette og føresette
- er utviklingsorientert
- har gode digitale ferdigheiter

Du må ha minimum 60 studiepoeng relevant for faget for å ha undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
I tillegg må du ha godkjent pedagogisk kompetanse. Dersom skolen ikkje får søkjarar som har pedagogisk utdanning, kan det bli gitt tidsavgrensa dispensasjon frå dette kravet.

Vi tilbyr


- dyktige kollegaer og elevar
- ein arbeidsstad med stort mangfald og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- ein arbeidsgjevarpolitikk som satser på leiarar og medarbeidarar
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lovar, avtalar og reglement.

Om skolen


Fagerlia-Ålesund videregående skole er no midt i ein spanande samanslåingsprosess. Skoleåret 2021/22 er vi samla med rundt 1600 elevar og 250 tilsette på våre tre lokasjoner ved Fagerlia, Latinskolen og Volsdalsberga. Skolen er fra hausten 2021 den største videregående skolen i Møre og Romsdal. Vi har eit variert og godt tilbod med utdanningsprogramma studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, informasjonsteknologi og medieproduksjon, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur, naturbruk, teknikk og industrifag, medier og kommunikasjon, sal, service og reiseliv og idrettsfag.

Sjå meir på informasjonssida for Fagerlia-Ålesund videregående skole: https://sites.google.com/gapps.mrvgs.no/fagerlia-aalesundvgs/heim

Andre opplysningar


Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig
stilling hos oss.

Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

Politiattest


Den som blir tilsett må levere politiattest.

Søk
Søknadsfrist
11.04.21
Utlyst
22.03.21
Vår ref
4805
Merk søknad
Fakta
Adjunkt m/tilleggsut
Fast
Kontakter
  • Kjell Palmar Røsvik
    Assisterende rektor
    kjell.palmar.rosvik@mrfylke.no
    97597191
    +4771282725
  • Lindis Havnegjerde Huse
    Fagleder
    lindis.huse@mrfylke.no
    47665951
    +4771282611